SOGNDAL: Sogndal spelte i dag mot Lillestrøm på Åråsen stadion.
SOGNDAL: Sogndal spelte i dag mot Lillestrøm på Åråsen stadion. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Ny siger for Sogndal

Avgjorde kampen etter nitten minutt.

Lillestrøm-Sogndal: 0-2 (0-2)

Sogndal vann borte mot Lillestrøm, etter mål av Kristoffer Hoven og Endre Kupen.

Sogndal tok leiinga på Åråsen stadion etter 14 minutt, då Kristoffer Hoven heada ballen enkelt i mål etter eit innkast. Knappe fem minutt seinare auka laget frå Saftbygda leiinga til 0-2, etter mål av Endre Kupen.

Laget ligg no på fjerdeplass i OBOS-ligaen, to poeng bak Sandnes Ulf.

Til toppen