PUTTA: Andrea Luggenes på venstre kanten skora nesten halvparten av måla for årdølene - ho gav seg ikkje før ho hadde lagt ni ballar i nettet bak keeperen til Vik. Foto: Ole Ramshus Sælthun
PUTTA: Andrea Luggenes på venstre kanten skora nesten halvparten av måla for årdølene - ho gav seg ikkje før ho hadde lagt ni ballar i nettet bak keeperen til Vik. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Ny siger: – No er det kjempekjekt å spela handball

I ein tett og jamn match mot Vik søndag ettermiddag gjekk årdalsdamene til slutt signrande ut.

Årdal: Jotun/Åtil - Vik: 21 - 17

– Eg er veldig nøgd. Det er kjekt når ein får til ting me har øvd på på trening. No er stemningen god og me gler oss over kvarandre sine prestasjonar, seier målvakt Ann Iren Hunderi.

Ho vart kåra til dagens spelar på Jotun/Åtil då dei slo damene frå Vik 21-17.

Dette var å rekna som eit toppoppgjer i 4.divisjon ettersom Jotun låg på andre- og Vik på tredjeplass før kampen. Jamt og tett vart det også - til pause var stillinga 10-10.

Tok firemålsleiing som nesten vart eten opp

Så tok heimelaget grep og gjekk opp i ei firemålsleiing i første halvdel av 2.omgang. Andrea Luggenes var eit aktivum på venstrevingen og putta jamt medan målvaktene Ann Iren Hunderi og Henriette Forthun stengte godt att bakover.

På 16 mål stoppa det noko opp, og Vik slo tilbake - firemålsleiinga vart til eittmålsleiing og Jotun/Åtil pådrog seg også ei utvising.

Artikkelen held fram under biletet

STERK PERIODE: Første del av andre omgang putta årdalsdamene jamt og trutt og seig frå Vik.
STERK PERIODE: Første del av andre omgang putta årdalsdamene jamt og trutt og seig frå Vik.

– Ein blir alltid bekymra i slike situasjonar, men det er veldig god trening å spela tette kampar. Ein får trent på å halda hovudet kaldt, seier Hunderi.

Men frå 16-15 tok Jotun/Åtil seg saman og seig frå att - siste minuttane heldt dei Vik på komfortabel avstand og kampen enda 21-17.

– Det er alltid godt når ein får til det ein vil. Mange gjorde det bra i dag - Henriette då ho stod i mål og Andre på kanten. Det er kjekt når me gjer det bra i mange posisjonar, seier Hunderi.

– Fem av fem sigrar må vera bra for eit lag som heldt på å ikkje stilla

Trenar Olafur Sveinsson meiner likevel laget har meir å gå på:

– Det var ein slitekamp, me sleit med å få sett ein rutien i spelet vårt. Men kampen var også svært positiv fordi me fekk sett utviklinga til ein del av spelarane - Vanja (Thomassen Øren, red.anm.) fekk ut skotreportoaret sitt, det fekk me gjort noko med gjennom kampen. Og keeperane var gode. Me kan betre, men fem sigrar av fem moglege må vera bra for eit lag det var tvil om kom til å stilla i serien.

Artikkelen held fram under biletet

JOTUN/ÅTILS BESTE: Målvakt Ann Iren Hunderi vart kåra til den beste spelaren i kampen mot Vik.
JOTUN/ÅTILS BESTE: Målvakt Ann Iren Hunderi vart kåra til den beste spelaren i kampen mot Vik.

Andrea Luggenes vart toppscorar med ni mål. Jotun/Åtil ligg framleis 2.plassen i 4.divisjon avdeling 2 i Vest region - Sogndal har også vunne alle kampane sine og slo laurdag Eid 44-15 borte, sogndølene har betre målskilnad enn årdølene.

Til toppen