TRADISJON: Jarle Offerdal viser til at Lærdal har lange tradisjonar både med skyttarlag og skytebaner. Det er den eine grunnen til at han meiner det må vera ei utandørs skytebane i kommunen. I tillegg trur han det går ut over rekrutteringa dersom ein lyt fara til Aurland for å skyta på bane.
TRADISJON: Jarle Offerdal viser til at Lærdal har lange tradisjonar både med skyttarlag og skytebaner. Det er den eine grunnen til at han meiner det må vera ei utandørs skytebane i kommunen. I tillegg trur han det går ut over rekrutteringa dersom ein lyt fara til Aurland for å skyta på bane. (Foto: Ina Eirin Eliassen)

Ny skytebane i Lærdal skapar strid:
– Me har ikkje noko anna val

Kommunen har meir enn hundre år med skyttarlagstradisjonar, og lyt ha ei bane, meiner leiaren for Tønjum skyttarlag. 

Lærdal: – Eg forstår at grunneigaren forsvarar sine interesser i saka, det er ikkje anna enn rett og rimeleg, seier leiaren i Tønjum skyttarlag, Jarle Offerdal. 

Skyttarlaget i Lærdal ønskjer ei ny bane, då den førre måtte leggjast ned. Ei eventuell realisering ligg langt fram i tid. Saka skal behandlast på kommunestyremøtet i Lærdal på torsdag, og der skal representantane eventuelt gje grønt lys til å starta planlegginga av ei ny bane i Råsdalen. 

HELSAR IKKJE BANA VELKOMEN: Bonde Dagfinn Wendelbo ynskjer ikkje at det skal koma skytebane midt på eit beite som er so bra at det kunne vore nytta som dyrka mark. 

– Noko av målet med den planen er å sjå på korleis ulempene for grunneigar kan verta so små som mogleg, seier Offerdal, som legg til at skyttarlaget er i dialog med grunneigarane om planane.

Lagsleiaren er lei for at dei ikkje har nokon annan stad å ty til enn marka i Råsdalen. Grunneigaren der, Dagfinn Wendelbo, ynskjer ikkje å mista eitt av dei viktigaste beita på garden.

Offerdal forstår ulempene ei slik skytebane vil få for bonden.  

– Men samstundes er skyting ein sentral del av kulturen i Lærdal. Og det er naudsynt for skyttarlaget å ha ei eiga bane, seier han.

I MØTE: Jarle Offerdal (f.v.), leiar i Tønjum skyttarlag, Per Jarle Kristiansen og Sven Knagenhjelm. Kristiansen og Knagenhjelm høyrer til «Det frie skyttervesen». Den eine er anleggssjef, og den andre advokat. 26. april var dei i møte med Lærdal kommune og diskuterte planane for ny skytebane i Lærdal. I samband med den turen, tok Offerdal dei to med på ei synfaring på det nye skytehuset i Lærdal. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun

Uråd å finna andre stader i Lærdal

Tønjum skyttarlag har prøvd tre gonger tidlegare, i år 2000, 2010 og 2011, å få lov til å byggja bane i Tynjadalen. Der ville ho ikkje ha kome i konflikt med noko beite. Staden er romsleg, og han ligg langt frå folk. Samstundes er det asfaltert veg og straumsamband heile vegen fram. 

Men det norske forsvaret nektar dei å byggja sivil skytebane her, og det er forsvaret som rår over området. 

Offerdal forklarar at dei difor har fått skyttarkontoret i Oslo til å vurdera over ti andre plassar for å sjå om dei kan fungere i staden.  

For alle dei andre plassane, bortsett frå beitet på Raa, fann fagfolka at minst eitt hus eller ei hytte ville liggja for nært opp mot bana til at ho kunne realiserast der. Naboane ville ha vorte plaga av skotsalvane. 

– Det er nesten umogleg å finna ein høveleg stad i Lærdal kommune, med dei høge fjella og den spreidde busetnaden. Det området på Raa er det einaste moglege i kommunen, diverre for grunneigaren der, seier Offerdal.

Offerdal: – Ei slik skytebane lyt vera i nærmiljøet

Då Porten.no snakka med grunneigar Dagfinn Wendelbo, føreslo han at Tønjum skyttarlag heller kunne nytta skytebana i Aurland. Den ligg rundt ein halvtime frå Lærdalsøyri, berre ti minutt lenger å køyra enn til Raa, der lærdølene vil byggja nytt. 

– Kvifor ikkje heller skyta i Aurland?

– Me føler at ei slik skytebane er eit nærmiljøanlegg. Det er ein samlingsplass i bygda. Det er veldig viktig å ha ho i bygda, seier Offerdal. 

Han seier det har vore organisert skyteaktivitet i Lærdal sidan 1885, og at dei ønskjer å halda fram med å ha det.

– Å ha sitt eige anlegg er noko anna enn å vera gjest hjå andre, seier skyttarleiaren.

I gamle dagar var det sju-åtte skytebaner i Lærdal. I Strendene, Erdal, Lærdalsøyri, Tønjum, Ljøsne, og so Vindhella og Hegg på Borgund. Fleire av banene vart stengde ned på 1960-talet. 

– Det er udiskutabelt at skyting er ein viktig del av bygdekulturen i Lærdal og at me treng den nye bana, sjølv om eg har respekt for at det er ein ulempe for grunneigaren, seier Offerdal. 

Det vert mindre skyteaktivitet når ein må til grannekommunen

Etter at skyttarhuset til Tønjum skyttarlag brann i 2014, nytta laget seg av øvingshuset i Aurland for å ha kveldsøkter.

Det tok meir enn to og eit halvt år før dei fekk opna nytt treningshus i Lærdal. 

– Det var eit flott tilbod for dei som var aktive, men me hadde ikkje noka nyrekruttering den tida, seier Offerdal. 

Tvert imot gjekk den samla aktiviteten ned når ein måtte fara gjennom tunnelane til nabokommunen. 

– Det var berre eit par-tre personar som vart med til Aurland når skyttarlaget fór dit. Til samanlikning har me, etter at klubbhuset i Lærdal opna att, pleidd å ha like mange skytingar på berre tre veker der som på over to år i Aurland. Og her er det gjerne ein 35 mann eller so som møter opp på skyting, seier Offerdal.

Til toppen