FEM SMITTA: I Sogndal har fem personar fått påvist koronasmitta, to av dei er stadfesta friske.
FEM SMITTA: I Sogndal har fem personar fått påvist koronasmitta, to av dei er stadfesta friske. (Foto: Arkiv)

Ny person smitta i Sogndal

Talet positive prøver held fram å auka i saftbygda, vel og merke i eit tilsynelatande makeleg tempo.

Sogndal: I helga vart det stadfesta eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Sogndal. Det skriv kommunen på eigne heimesider.

Det betyr at til saman fem personar er stadfesta smitta i kommunen. Dei to første, som begge er friskmelde, vart smitta i Austerrike. I Sogn, inkludert Høyanger, er talet smitta no elleve. Tre av dei er stadfesta friskmelde.

I heile Helse Førde sitt område er det teke til saman 40 positive prøver, ingen det siste døgnet. Til saman 2 pasientar er innlagde med koronasjukdomen.

Til toppen