ENDELEG: Dei har venta lenge på ei endeleg avgjersle kring treningsstudioet i Lærdal, og fredag ettermiddag vart Lærdal gym opna i splitter nye lokale. Foto: Jan Christian Jerving.
ENDELEG: Dei har venta lenge på ei endeleg avgjersle kring treningsstudioet i Lærdal, og fredag ettermiddag vart Lærdal gym opna i splitter nye lokale. Foto: Jan Christian Jerving.

Ny start for treningsstudio

Fredag ettermiddag opna det nye treningsstudioet i Lærdal etter rundt eit år i uvissa om framtida til det godt brukte treningstilbodet.

Lærdal: På hausten i fjor levde treningsstudioet i Lærdal, Gymloftet, i uvissa både når det gjaldt eit eigna lokale og økonomisk. 

For å kunne flytte til eit lokale som passa betre, var treningsentusiastane og eigarane av Gymloftet, Kjell Olav Bjørkum og Tom Stian Nundal, avhengig av økonomisk støtte. I midten av desember kom gladnyheita om at formannskapet i Lærdal gjekk inn for at treningsstudioet skulle få inntil 250.000 kroner i støtte, og flytting til nye lokale vart ein realitet.

Nytt namn

Sidan treningsstudioet no er flytta ned på bakkeplan i lokalet der Sportsbui tidlegare var, måtte det også eit nytt namn til. 

– No heiter me Lærdal Gym, sa Bjørkum og Nundal i kor under opninga av det nye lokalet fredag ettermiddag. 

Det nye lokalet er betrakteleg mindre, men dei har funne ei mellombels løysning for spinningen som det ikkje lenger var plass til. 

– Spinningen er framleis i det gamle lokalet, og der skal det vera fram til det nye klubbhuset er klart, fortel Bjørkum. 

Artikkelen held fram under biletet.

TESTAR UT: Fleire tok Bjørkum og Nundal på ordet og testa dei ulike treningsapparata etter opninga fredag ettermiddag.
TESTAR UT: Fleire tok Bjørkum og Nundal på ordet og testa dei ulike treningsapparata etter opninga fredag ettermiddag.

Kake og trening

Under opninga vart det servert kake, kaffi og brus til dei som tok turen. Etter etegildet var treningsapparata til fri bruk for alle over 16 år, medlem eller ikkje. Det var fleire som nytta høvet til å teste seg sjølv i vektløft, roing og sykling etter opninga. 

Det ligg eit massivt dugnadsarbeid bak denne flyttinga, og jobben byrja allereie for tre veker sidan. 

– Me vil skryta av den gode dugnadsinnsatsen den siste veka. Me har stått på til seine kvelden, og siste spikaren vart slått i veggen berre minuttar før opninga, fortel Bjørkum og Nundal.

PANGSTART: Ein godt nøgd Tom Stian Nundal boksar i gong det nye treningsstudioet i Lærdal.
PANGSTART: Ein godt nøgd Tom Stian Nundal boksar i gong det nye treningsstudioet i Lærdal.
Til toppen