NY STORM: Det er meir dårleg vêr i vente på Vestlandet. Tysdag ettermiddag er det meldt storm, der kysten og fjellet vil få det verst. Likevel kan det vere lurt å sikre lause gjenstandar. Foto: Arkiv.
NY STORM: Det er meir dårleg vêr i vente på Vestlandet. Tysdag ettermiddag er det meldt storm, der kysten og fjellet vil få det verst. Likevel kan det vere lurt å sikre lause gjenstandar. Foto: Arkiv.

Ny storm i vente på Vestlandet

Det er sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane. Tysdag ettermiddag og kveld kan det bli full storm, men det er kortvarig.

Indre Sogn: Bakgrunnen for OBS-varselet er eit lågtrykk som bevegar seg inn over Nord-Vestlandet. Samstundes ligg det eit høgtrykk i Nord-Atlanteren.

– Mellom desse er det mykje luft som skal flytte på seg, så vinden kjem til å auke på i ettermiddag til nordvestleg liten storm. Verst blir det på kysten og i fjellet, seier Martin Granerød ved Meteorologisk institutt. 

Då stormen «Urd» vart varsla i julehelga, var det mange som førebudde seg på ekstremvêr i Sogn, men inst i fjorden merka ein heller lite til stormen. 

– Dei oppdaterte prognosane viser at vindkasta lengst inne i fjorden kan vere på 20-25 meter per sekund. Det betyr framleis at det er moglegheiter for at det kan bli problem med lause gjenstandar, seier Granerød. 

Verst i fjellet

Men verst blir det på fjellet, der vinden kan gjera forholda vanskelege for trafikantar som skal over fjellovergangane. Difor kan det vere lurt å kome seg avgarde tidleg.

– Stormen blir kortvarig. Allereie i kveld kjem vinden til å minke. 

To dagar med rimeleg bra vêr

Deretter ventar eit par dagar med ganske bra vintervêr, før det blir nedbør att i form av snø og regn.

– Høgtrykket som no ligg ute i Atlanteren passerer onsdag og torsdag. Då blir det periodar med lettare vêr og opphald. Det blir kaldt med temperaturar ned i minus 10 grader i indre delar av Sogn og Fjordane. Allereie frå fredag vil desse stige jamnt før det kjem nedbør som snø store delar av dagen, og så kan det hende det går over til sludd eller regn mot laurdag.

Til toppen