KNYTTAR NEVEN: Ole Kristian Gjerstad og Sogndal valsar vidare mot seriemeisterskap i 4. divisjon. No må dei verkeleg bite tennene saman slik at dei kan hamle opp med sterk motstand frå Hordaland-serien i ein eventuell kvalik. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KNYTTAR NEVEN: Ole Kristian Gjerstad og Sogndal valsar vidare mot seriemeisterskap i 4. divisjon. No må dei verkeleg bite tennene saman slik at dei kan hamle opp med sterk motstand frå Hordaland-serien i ein eventuell kvalik. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Ny storsiger for Sogndal som valsar mot opprykk

Sogndal sine handballdamer er på god veg mot kvalifisering og opprykk etter nok ein storsiger. 

Sogndal – Syril 34-23

Sogndal: Tysdag var det naboane frå Leikanger, Syril, som stod på andre banehalvdel i Sogndal idrettshall. Det betyr at sigersrekka på 13 kampar utan poengtap held fram.

Sogndal har riktig nok éin kamp meir spelt enn Jotun/Årdalstangen i avdeling 2 i 4. divisjon, men med ei luke på åtte poeng skal det eit stort bananskal til for at sogndølene skal snuble no.

– Det er framleis teoretisk mogleg, men både tidlegare resultat og tabellen tilseier at me endar opp på toppen. Me har eit kjempegodt lag med to dyktige Sogndal-lag, der me har ein fin miks av lokale talent og studentar, seier Sogndal-trenar Ole Kristian Gjerstad til Porten.no.

– Resultatet lyg

Han meiner sluttresultatet mot Syril lyg litt etter som det var ein tett og jamn kamp heile vegen, der Sogndal på det meste leia med fire mål. Til slutt var skilnaden på elleve scoringar.

– Me stod litt feilposisjonert i forsvar, men greier å justere det utover kampen. Elles er me flinke til å springa og setja press, og det tener me på mot slutten, seier han.

Må førebu seg til tøffare motstand i kvalik

Sigeren var den 13. i rekka og viser at laget er bunnsolid sjølv om motstanden er varierande. I ein eventuell kvalik vil dei høgst sannsynleg møte endå tøffare motstand, trur Gjerstad.

– Det er eit tøffare nivå i Hordaland-serien, så no gjeld det for oss å førebu oss til å møte tøffare fysisk motstand, der det smell meir i duellane. Difor vurderer me no ein treningskamp mot litt betre motstand før kvaliken.

– Kor stabilt er laget ditt med tanke på at det består av studentar som kjem og går?

– Det verkar som det er ganske stabilt. Dei fleste av studentane som er inne skal bli verande i Sogndal i opp til tre år. Samstundes har me mange unge talent som er ein del av stammen i laget. Dersom me rykker opp, vil det også vera meir attraktivt for nye studentar å vera med. Det er det me håpar på.

Komande helg er det full rulle over heile fylket. Både Syril, Sogndal 2, Aurland, Jotun/Årdalstangen og Bjørn er i aksjon av laga frå Sogn (sjå faktaboks).

Til toppen