DAGLEG LEIAR: Ørjan Bøyum er tilsett som dagleg leiar i det nylanserte selskapet AKRAFT AS.
DAGLEG LEIAR: Ørjan Bøyum er tilsett som dagleg leiar i det nylanserte selskapet AKRAFT AS.

Ny straumleverandør i Lærdal revolusjonerer straumrekninga

Som første straumleverandør i Noreg vil AKRAFT AS gjera som telebransjen har gjort i mange år.

Måndag vart AKRAFT AS lansert som ny straumleverandør i den norske kraftmarknaden. Dei vil som første straumleverandør i Noreg gi kunden moglegheit til å betala ein lik sum per månad uavhengig av straumforbruket.

I ein marknad som er prega av tradisjonar og lite innovasjon vil selskapet tilføra noko nytt.

– Noreg treng kanskje ikkje fleire straumleverandørar, men udiskutabelt treng me nokon som tenker nytt, seier dagleg leiar Ørjan Bøyum.

Det nye er at kunden no kan betala ein lik som per månad uavhengig av straumforbruket. Kunden kan dermed sjølv velja den pakka som passar sitt forbruk best.

AKRAFT AS er hundre prosent eigd av Lærdal Energi AS. 

STYRELEIAR I AKRAFT: Per Gullaksen. 
STYRELEIAR I AKRAFT: Per Gullaksen. 

– Etableringa av AKRAFT AS er eit ledd i ein langsiktig strategi som Lærdal Energi har utvikla det siste året, seier styreleiar i AKRAFT og dagleg leiar i Lærdal Energi Per Gullaksen. 

Han fortel at det er store endringar i energibransjen som gjer at dei no må gjera ulike tilpassingar for å møta utfordringane.

Målet er iallfall klart: I laupet av ein treårsperiode har dei som mål å femdobla kundemassen til 50 000 kundar. Lykkast dei, kan det gje åtte til ti nye arbeidsplassar, opplyser Gullaksen til Porten.no. 

Til toppen