NY STUDIE: I fleire elvar i Noreg er det dokumentert at ein stor del av arvematerialet til villaksen stammar frå rømt oppdrettslaks. Foto: arkiv.
NY STUDIE: I fleire elvar i Noreg er det dokumentert at ein stor del av arvematerialet til villaksen stammar frå rømt oppdrettslaks. Foto: arkiv.

Ny studie: Rømt oppdrettslaks endrar villaksstammen

Ein ny studie frå Norsk institutt for naturforsking viser at genetisk påverking frå rømt oppdrettslaks gir færre store villaksar.

  • Endret

Ifølgje ein ny studie har villaks med mykje genetisk påverknad frå oppdrettslaks ein annan alder og storleik når han blir kjønnsmoden enn villaks som har mindre oppdrettslaks i slekta. Det fører blant anna til at det blir færre storlaksar i elvane, skriv NRK.

Kvart år rømmer hundretusenvis av oppdrettslaks frå norske oppdrettsanlegg, og fleire tusen av desse går opp i elvane der dei kan gyte med villaksen

– Avkommet blir ei kryssing mellom oppdrettslaks og villaks, som i neste generasjon kan krysse seg på ny med villaks eller rømt oppdrettslaks, skriv Norsk institutt for naturforsking.

I fleire elvar i Noreg er det dokumentert at ein stor del av arvematerialet til villaksen stammar frå rømt oppdrettslaks. Villaksen i norske lakseelvar er dermed i større eller mindre grad genetisk påverka av den rømte oppdrettslaksen.

Forskar Geir H. Bolstad ved Nina seier dei trur endringar vil føre til at villaksbestandane blir meir sårbare.

– Resultata tyder på at effekten i Finnmark er større enn andre stader i landet, spesielt når vi såg på kor stor laksen var samanlikna med kor gammal han var, seier Bolstad, som legg til at dei trur slike endringar er uheldige for produksjonen i laksebestandane.

Til toppen