Ny thriller på Jotun stadion i dag? 

Ny thriller på Jotun stadion i dag? 

Laurdag skal Årdal FK møta tabelltoar Herd på Jotun stadion. Årdølene lovar å blø for drakta for å halda seg i divisjonen med kun fire kampar att.

Sist Årdal FK møtte dette laget frå Møre var i juni, og årdølene måtte sjå seg slegne med 0-2 på AMFI Moa stadion.

Men dette er ei stund sidan, og Årdal FK har lagt bak seg ein kanon haustsesong med åtte kampar utan tap. Fire har enda med siger, fire med uavgjort.

Vil blø for drakta

Herd har no 40 poeng, ganske så langt bak Brattvåg på topp med 57 poeng. Midt på tabellen ligg poenga tett som hagl, der Årdal FK ligg som nummer ni  med 29 poeng. 14 lag er med. Tre av desse rykkjer ned. 

- Me har ei magisk grense om å greie 32 poeng. Klarar me dette, burde me ha stor sjanse til å greia oss, seier ein ihuga og optimistisk hovedtrenar Ivan Øy. Han lovar at spelarane er klare til å kjempa til krampa tek dei, og at dei er villige til å blø for Årdal FK-drakta.

Årdal FK håpar at mange finn turen til Jotun stadion i dag, der arrangørane i tillegg til fotballkamp, lokkar med speaker, generelle fotballoppdateringar, kaffi, brus, kaker og pølser i cafèkiosken. 

Det er verdt å merka seg at kampen er flytta til klokka 15.00.

 

Til toppen