NY RAPPORT: I ein ny tilsynsrapport i saka der eit barn vart funnen død i fosterheimen, konkluderer Fylkesmannen med at Sogn barnevern ikkje fulgte opp barnet sitt særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv). 
NY RAPPORT: I ein ny tilsynsrapport i saka der eit barn vart funnen død i fosterheimen, konkluderer Fylkesmannen med at Sogn barnevern ikkje fulgte opp barnet sitt særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova. Foto: Halvor Farsund Storvik (Arkiv). 

Ny tilsynsrapport: Barnevernet får kritikk etter at barn døydde

Sogndal kommune mottok nyleg ei ny tilsynsvurdering i saka der eit barn under Sogn barnevern si omsorg vart funnen død i fosterheim.

Sogndal: Barnet var under Sogn barnevern si omsorg og vart i februar 2016 funnen død i fosterheim. 

I ei tidlegare vurdering i saka konkluderte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med at Sogn barnevern hadde fulgt opp barnet sitt særlege omsorgsbehov i samsvar med forsvarlegkravet i barnevernslova, men i ei ny tilsynsvurdering har Fylkesmannen endra meining.

Det vert mellom anna peika på at barnevernstenesta har mangelfull dokumentasjon i saka og at tenesta burde gitt fosterheimen tydelegare råd.

Porten.no har ikkje lykkast å få ein kommentar i saka frå tilsette hjå Fylkesmannen.

– ALVORLEG: Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, seier han ser alvorleg på vurderingane som er gjort i tilsynsrapporten.
– ALVORLEG: Rådmann i Sogndal kommune, Jostein Aanestad, seier han ser alvorleg på vurderingane som er gjort i tilsynsrapporten.

– Beklageleg

– Me ser svært alvorleg på vurderingane Fylkesmannen har gjort i sin rapport. Alle innbyggjarar skal vera trygge på at dei får dei tenestene dei skal ha. I denne saka er det særdeles trist og det rører ved alle når eit barn går bort, og særskilt belastande er det for familien og dei næraste, seier rådmann i Sogndal kommune Jostein Aanestad til Porten.no.

– Når det gjeld dette tilsynet, er det ikkje noko anna å seie enn at det er beklageleg at Sogn barnevern ikkje har dokumentert og fulgt opp fosterheim godt nok. Me skal syte for at me dokumenterer sakene betre og at me følgjer opp fosterheimen slik ein skal. 

Går gjennom rapport

Seinast i desember skreiv Porten.no om ein førebels rapport frå Fylkesmannen som viste at terskelen for å ta tak i uromeldingar i Sogn barnevern har vore for høg. Sogn barnevern går no gjennom rapporten og skal melde tilbake seinare denne veka.

– Me har gått gjennom alle sakene der Fylkesmannen meiner terskelen har vore for høg. Der har me bede om dokumentasjon på kva saker det gjeld, og så skal me gi vår vurdering tilbake om terskelen har vore for høg, fortel Aanestad.

Fylkesmannen ber ikkje om ei eiga tilbakemelding i denne spesifikke saka, men at det vert tatt med i betringsplanen som skal oversendast innan 1. februar. 

Advokaten til foreldra: – Samde i vurderingane

Saka er under etterforsking hjå politiet. Ifølgje Bergens Tidende har foreldra meld Sogn barnevern, fosterheim og fastlegen i Gaular til politiet. Lensmann i Gaular, Åge Løseth, sa til avisa i februar at obduksjonen antyda epilepsi som årsak til dødsfallet.

– Me er samde i vurderingane som Fylkesmannen har gjort og støttar dei fullt ut. Me stiller oss også undrande til at ein kom fram til noko anna første gongen og er no glad for at ein ny gjennomgang støttar synet me har hatt, seier advokaten til foreldra, Louis Anda, til Porten.no.

– Mine partar er glad for at folk er stilt til ansvar og er samd i at dei som er stilt til ansvar er dei som har ansvar. Me tenkjer no at dette må få følgjer. 

– Kan prege inntrykket av barnevernet

– Fryktar du at inntrykket av Sogn barnevern no vert dårlegare?

– Det er openbert at Sogn barnevern har fått mykje medieomtale dei siste åra og at inntrykket kan bli prega av dette. Det er ingen tvil om at me i periodar har hatt ei teneste prega av labilitet og redusert kapasitet som hadde si årsak i dårleg arbeidsmiljø, svarar rådmannen.

– Det er ingen tvil om at tilsyna er ein negativ omtale av ei teneste, men eg føler meg trygg på at med dei endringane me har gjort, og betringsplanane me har og skal laga, så vil me få ei teneste som på alle måtar leverer gode barnevernstenester. 

Ifølgje rådmannen skal planen innehalde konkrete tiltak for betringar, tidspunkt for når tiltak vert sett i verk og korleis tiltaka skal evaluerast. 

Til toppen