TEK FORM: Ein ny veg og tunnel tek form på strekninga Øye-Eidsbru på E16 Filefjell for tida. Her frå støypinga av andre etappe av dekker på Strondafjordbrune. Foto: Statens vegvesen.
TEK FORM: Ein ny veg og tunnel tek form på strekninga Øye-Eidsbru på E16 Filefjell for tida. Her frå støypinga av andre etappe av dekker på Strondafjordbrune. Foto: Statens vegvesen.

Ny tunnel og veg tek form ved Øye

På delstrekning Øye-Eidsbru er no bru og tunnel byrja å ta form, og store masseflyttingar er gjort i dagsona.

Filefjell: – Den andre av åtte etappar med dekkestøyp på Strondafjordbrune vart gjort fredag, og me er komne langt med arbeidet i lia over Øye. Det er kjekt å sjå at innsatsen her på Filefjell byrjar å vise att i terrenget, seier prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag til Statens vegvesen.

Han er leiar for den austerrikske entreprenøren sitt første solo-prosjekt i Norge. Utanfor kontorvinduet på Eidsbru kan han no sjå ut over ein 210 meter lang bru som verkeleg er i ferd med å ta form, og ein tunnel som no snart er kome 350 meter inn i fjellet. 

Byggeleiar Stein Henry Øvstetun (t.v.) frå Statens vegvesen og prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag foran Strondafjordbrune som no er under arbeid. 
Byggeleiar Stein Henry Øvstetun (t.v.) frå Statens vegvesen og prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag foran Strondafjordbrune som no er under arbeid. 

Tunnelen, som heiter Rødølstunnelen, utgjer to av den omtrent fire kilometer lange strekninga, som er kontrakten lengst aust på E16 på Filefjell.

Forsinka arbeidet

Ifølgje entreprenøren har tunnelarbeidet tatt litt lenger tid enn venta. 

– Mellom anna grunna utfordrande geologi. Men no har me jobba oss fram til austre påhogg til tunnelen, og der vil me starte tunneldriving i mai eller juni, slik at me då får drift frå begge endar. Då vil me kunne ta igjen ein del av forseinkinga på tunnelen, seier Mysliwietz.

Rundt juletider kom tunneldrivarane inn i ei sone med lausmassar, og sakte framdrift, sementinjisering og mykje bolting måtte til for å løyse problemet.

– Me hadde eit godt samarbeid med byggherre og ekstern geolog som tok tredjepartskontroll, og eg er stolt over at me kom gjennom den vanskelege sona utan uønskte hendingar, seier Mysliwietz.

Tatt ut 60.000 kubikkmeter morenemassar

Rundt 60.000 kubikkmeter med morenemassar er no greve ut ved det austre påhogget til tunnelen. Massane er lagt i eit deponi like ved. Mellom anna er det sprengt ut ei stor fjellskjering som er rundt 18 meter høg på det meste. No skal dei starte å sprenge austre forskjering til Rødølstunnelen.

Artikkelen held fram under biletet.

UTSIKT: Arbeidet med Rødølstunnelen går framover. Omtrent slik blir utsikta når ein kjem ut av tunnelen på E16 på veg austover.
UTSIKT: Arbeidet med Rødølstunnelen går framover. Omtrent slik blir utsikta når ein kjem ut av tunnelen på E16 på veg austover.

Seinare i år skal Strabag bygge ein 150 meter lang betongportal på austsida av tunnelen, før opplagra morenemasse skal flyttast tilbake oppå portalen.

– Framdrifta på veg i dagen og bru er gått fint. No ser me fram til å få tunneldriving også frå austsida av Rødølstunnelen, slik at tunnelarbeidet vil gå kjappare, seier byggeleiar Stein Henry Øvstetun i Statens vegvesen.

Wolfgang Mysliwietz seier at dei har fått ein organisasjon som fungerer godt på Filefjell-anlegget.

– Me brukte litt tid for å få teamet på plass, men no er me ein gjeng som fungerer godt i lag, trivest på jobb og er engasjerte, seier Mysliwietz.

Til toppen