NYTT TILSKOT: Lærdal Røde Kors Hjelpekorps har investert i ein ny utstyrshengar som vil gjera utrykking meir effektiv. Foto: Lærdal Røde Kors Hjelpekorps.
NYTT TILSKOT: Lærdal Røde Kors Hjelpekorps har investert i ein ny utstyrshengar som vil gjera utrykking meir effektiv. Foto: Lærdal Røde Kors Hjelpekorps.

Ny utstyrshengar gir meir effektiv utrykking

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps har investert i ny utstyrshengar.

Lærdal: Vel 30 000 kroner måtte til for den nye hengaren, men takka vere sponsormidlar var det ikkje mykje å betale for Hjelpekorpset i Lærdal som før påska kjøpte ny utstyrshengar.

VIKTIG: Den nye utstyrshengaren blir eit viktig tilskot, meiner operativ leiar Øyvind Aarethun Lysne. Arkiv
VIKTIG: Den nye utstyrshengaren blir eit viktig tilskot, meiner operativ leiar Øyvind Aarethun Lysne. Arkiv

– Det sikrar ei raskare utrykking. No er alt utstyret samla på éin plass, så då er det berre å kopla på den og rykka ut, seier operativ leiar Øyvind Aarethun Lysne.

– Dette gir ei mykje meir effektiv utrykking, legg han til. 

Tidlegare var det meir krevjande å rykke ut for då måtte utstyret lastast inn i privatbilar.

– Då vart det litt styr, og ein har ikkje heilt kontroll på utstyret når alle hadde litt i sine bilar. 

Lærdal Røde Kors Hjelpekorps har i dag 29 aktive medlemar, og desse bidreg på mange frontar.

KONTROLL: Med ein utstyrshengar har mannskapet betre kontroll på utstyret.
KONTROLL: Med ein utstyrshengar har mannskapet betre kontroll på utstyret.

– Du har dei vanlege aksjonane som politiet kallar oss ut på, som leiteaksjonar og redningsaksjonar. Elles driv me med sanitetsvakter ved ulike arrangement og festivalar, og me har transportoppdrag med scooter for privathytter og statsallmenning. I tillegg tilbyr me førstehjelpskurs og livredningskurs, fortel Lysne. 

Og alt vert gjort på dugnad.

– Det er mykje bra innsats denne gjengen legg ned. Det er mange timar som blir lagt ned, seier han. 

Til toppen