JERNBANEPLANAR: Ny riksvegutbygging mellom Austlandet og Vestlandet kan øydeleggje planane til regjeringa om meir gods over på jernbane, skriv Dagsavisen​. Foto: Ina Eirin Eliassen.
JERNBANEPLANAR: Ny riksvegutbygging mellom Austlandet og Vestlandet kan øydeleggje planane til regjeringa om meir gods over på jernbane, skriv Dagsavisen​. Foto: Ina Eirin Eliassen.

Ny veg kan gi færre godstog

Ny riksvegutbygging mellom Austlandet og Vestlandet kan øydeleggje planane til regjeringa om meir gods over på jernbane, skriv Dagsavisen.

Lærdal: Ifølgje ei utgreiing gjennomført av Statens vegvesen, kan godstrafikken på Bergensbanen bli redusert med 60–70 prosent dersom det vert bygd ny og betre riksveg 52 eller riksveg 7.

Regjeringa har varsla at forslaget til NTP for 2018–2029 vil liggje føre før påske. Mykje tyder på at riksveg 52 då blir valt i tillegg til E134, som ny hovudveg mellom aust og vest, framfor alternativet riksveg 7.

For forkjemparar av godstrafikk med tog er begge vegalternativa like ille, etter som dei vil ha omtrent like stor negativ effekt.

I dag er det jernbanen som er mest viktig for godstrafikken mellom Oslo og Bergen, fordi så mykje som 70 prosent av alt frakta stykkgods mellom dei to byane, går med jernbane. 

Ein ny veg vil gjere vegtrafikken raskare mellom Oslo og Bergen. Køyretida med bil kan komme ned i 4–5 timar når vegstandarden vert betre og køyrelengda redusert.

Forkjemparar for betre vegsamband mellom aust og vest har peikt på at dette vil kunne redusere kostnadene til godsselskapa vesentleg, både ved redusert drivstofforbruk, reduserte vedlikehaldskostnader og raskare framføring av godset. Dermed kan det bli langt meir interessant å frakte gods mellom Noregs to største byar med lastebil.

(©NPK)

Til toppen