SENTRAL: Preben Strypet var igjen sentral då han scora to og var med på å avgjera kampen mot Tertnes. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SENTRAL: Preben Strypet var igjen sentral då han scora to og var med på å avgjera kampen mot Tertnes. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Ny viktig siger for Årdal

Laurdag ettermiddag henta Årdal FK tre poeng på bortebane mot Tertnes. Sjølv mannefall før kampen vart ikkje det eit hinder for laget frå industribygda.

  • Endret

Årdal fekk med seg tre viktige poeng heim då dei slo Tertnes 3-2. Tertnes hadde ikkje tapt på heimebane mot Årdal sidan 2001, men i dag blei dette snudd om.

– Eg er kjempenøgd med tre poeng mot eit lag som er så høgt over oss på tabellen, seier trenar Ivan Øy til Porten.no.

Igjen var Preben Strypet sentral for dei heilraude. Etter at Eirik Rode satte inn 1-0, scora Strypet to mål til, noko som gjer at han har scora fem mål på seks dagar. 

Tertnes reduserte to gangar, først til 1-2 og til 2-3 heilt på tampen, men gjestane frå Årdal heldt unna. Det betyr at laget frå industribygda no ligg på ein 10. plass med fire poeng ned til Tornado Måløy under streken. Arna-Bjørnar får besøk av Sogndal 2 måndag. Med seier vil dei passera Årdal på tabellen.

Tomålsleiing

Det var heimelaget som opna kampen godt i fyrste omgang og hadde eit par sjansar, men Årdal kom seg etter kvart inn i kampen. Med god hjelp frå vinden satte Rode inn 1-0 etter tolv minuttar då eit frispark bleste rett i mål. 

Nesten eit kvarter seinare fulgte Strypet opp med å dundra inn enda eit mål for Årdal berre minuttar etter at han måtte behandlast etter ein hard duell. 

Like før timen var spelt tilspissa det seg då Jørgen Bjelland reduserte for Tertnes ved å lobba ballen over keeper og inn i mål. På slutten av kampen etter 80 minuttar scora Preben Strypet igjen. 

Tre poeng var tilsynelatande i boks på overtid er det plutseleg nerve i kampen igjen då Bjelland satte inn sitt andre. Men Årdal heldt unna og kunne innkassere tre viktige poeng.

Viktig siger

Årdal kjempar for å halde seg i divisjonen og med 4-1-sigeren over Hødd 2 kom dei seg over streken. No har dei rykka opp enda ein plass og har no styrka plassen sin i 3. divisjon.

– Me er trygge på at dette går vegen, det har me alltid sagt, seier Ivan Øy.

Årdal strevde med stort mannefall før kampen der mange måtte på jobb og eit fåtall hadde mindre skadar. Men i kampen mot Tertnes tok Eirik Rode og Johnny Aspeseter Hagen ein for laget og steppa inn.

– Før kampen var det fem mann som ikkje kunne spele, men heldigvis hadde me to mann som steppa inn, Eirik Rode og Johnny Aspeseter Hagen. Ein varm takk til dei to, seier Ivan Øy.

Til toppen