MOTSTAND: Ingunn Kjelstad (t.v.) og Einar Rysjedal (t.h.) i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn oppmodar om å halde vindkraftmotstanden oppe utover hausten, både på lokalt og nasjonalt nivå.
MOTSTAND: Ingunn Kjelstad (t.v.) og Einar Rysjedal (t.h.) i Motvind Sunnfjord og Ytre Sogn oppmodar om å halde vindkraftmotstanden oppe utover hausten, både på lokalt og nasjonalt nivå. (Foto: Privat/Vilde Grimelid Oppedal/arkvifoto)

MEININGAR

Ny vindkrafthaust

– Det er utruleg og eineståande i norsk kraftutbyggingshistorie, ja til og med i norsk industri- og næringsutviklingshistorie, at ein sektor har fått fridom til å ta seg til rette slik vindkraftbransjen har, skriv Ingunn Kjelstad og Einar Rysjedal.

Meiningar: For eitt år sidan stod kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn, midt i behandlinga av Nasjonal ramme for vindkraft. Denne skulle vere ein plan for kvar i landet vi kunne ha landbasert vindkraft og ikkje. Store delar av landet, frå Lindesnes til Varanger, var peika ut som eigna områder for vindkraft.

Planen førte til stor merksemd og vidare til stor motstand. Folk flest fekk kunnskap om vindkraftutbygging og konsekvensar av denne, og såg kva denne politikken ville føre til på sikt. Vindkraftbransjen auka aktiviteten, i kappløpet om fullt utbyte av dei grøne sertifikata. Dette synleggjorde konfliktar i utbyggingsområde, der eldre konsesjonar vart utnytta til langt alvorlegare inngrep enn på tidspunktet då konsesjonane var gjevne.

Motstanden mot Nasjonal ramme for vindkraft, vart markant bevist gjennom tusenvis av negative høyringssvar på ramma. Det synlege konfliktnivået, gjorde at regjeringa difor trekte ramma og har no som ei slags oppfølging, sendt forslag til nytt konsesjonssystem for vindkraft til Stortinget.

Laust, taktisk prat

Hausten 2020 skal dette nye konsesjonssystemet meislast ut. Det store folkelege stemningsskiftet mot vindkraft, har blitt ei politisk hovudpine for vindkrafttilhengarane. Det vert leita etter måtar å overkøyre og kvele motstanden frå folk flest, frå kommunane og frå stadig betre organiserte motstandarar frå reiselivsnæring, naturvernhald, friluftsorganisasjonar, forskarar og økonomar. Tilsynelatande endringar i konsesjonssystemet, vil difor vere eit ledd i å svekke motstanden.

I forslaget til nytt konsesjonssystem for vindkraft, vert det i lite konkrete vendingar snakka om endringar i konsesjonsvilkåra, kortare fristar for oppstart av anlegg, sterkare lokal forankring, meir rettferdig skattlegging, større ringverknader lokalt osv. Samtidig høyrer vi frå framståande politikarar, særleg i regjeringspartia, at vindkraft vert framsnakka og vasskrafta nedvurdert og at framtidig kraftbehov vert heva til lite sannsynleg nivå.

Det er difor lett å forstå at alt pratet om eit strengare konsesjonssystem, er laust og taktisk prat for å mjukne motstanden mot vindkraft. Førebels er ingenting konkretisert. Vindkraftlobbyen er like sterk og har dei same økonomiske ressursane som før. Regjeringspartia vil truleg prøve å sitje stille i båten, og fleire av opposisjonspartia står førebels med føtene trygt planta på begge sider. 

Heilt nødvendig å halde motstanden oppe 

Det er difor heilt nødvendig å halde oppe motstanden mot vindkraft både på lokalt og nasjonalt nivå. Dersom parti eller politikarar med vindkraftsympatiar får stor makt etter valet i 2021, kan vi rekne med ei ny bølgje av vindkraftkonsesjonar, som er lettare sminka med små endringar. Og vi veit at fjella våre i Sunnfjord og Ytre Sogn står klare for hogg frå vindkraftselskapa.

Eit nytt konsesjonssystem som skal framstå truverdig for oss må innhalde:

- plan- og bygningslova må gjerast gjeldande for vindkraftanlegg

- skattlegging må vere lik for vindkraft og vasskraft

- vindkraftutbyggjarar og eigarar må gjerast ansvarlege for opprydding og reparasjon av skader og natur etter anlegga, frå første dag med inngrep

- konsesjonslovgjevinga må sikre heimfall og nasjonal kontroll som ved vasskraftutbyggingar 

Klimaet som dekke

Det er utruleg og eineståande i norsk kraftutbyggingshistorie, ja til og med i norsk industri- og næringsutviklingshistorie, at ein sektor har fått fridom til å ta seg til rette slik vindkraftbransjen har. Dette har pågått under dekke av å skulle redde klimaet. Det vi står att med, er rasert natur over store delar av landet, praktisk talt ingen norske arbeidsplassar, ei næring som vil trenge evig subsidiering på ulike måtar, auka kostnader til elektrisk straumforsyning innanlands, og eit uoverkomeleg avfallsproblem, som truleg vil syne seg om mindre enn 20 år.

Dette er grunnlaget for den markante motstanden mot vindkraft. Det skal heldigvis meir til, enn tomme ord om strengare konsesjonsvilkår og skatteinntekter til kommunane, for å overliste innbyggjarane og fleirtalet av lokalpolitikarar.

Til toppen