PANTE FLASKER: Handballaga frå Årdalstangen ynskjer å samle inn flasker for å kunne reise på turneringar. Foto: Marte Hestetun. 
PANTE FLASKER: Handballaga frå Årdalstangen ynskjer å samle inn flasker for å kunne reise på turneringar. Foto: Marte Hestetun. 

Ny vri for å samle inn pengar

9. Februar kan det kome handballspelarar på døra for å spørje om flaskene dine. 

Årdalstangen: Torsdag 9. Februar kan du vente å få handballspelarar på døra di. Dei skal nemleg rundt på tangen for å spørje etter flasker. 

Ny vri

Dette er eit konsept som Årdalstangen Idrettslag har lyst å ta i bruk. 

–Det blir ei ny form for dugnad, seier Harald Husabø, som leiar det heile. 

–Me vil samle inn pengar som kan gå til spelarane, slik at dei kan reise på ulike aktivitetar og arrangement. 

Håpar på positiv respons

Han fortel vidare at han er spent på korleis folk kjem til å reagere. 

–Me håpar at dei som opnar døra tek vel i mot spelarane. Me har aldri prøvd dette før, så det er vanskeleg å vite om det blir velykka. 

Konseptet er likevel ikkje heilt nytt

–Me veit at mange andre lag har gjort det same, så me valde å melde oss på me og. Om alt går bra, vil me fortsette med dette konseptet.

Treng midlar

Husabø fortel at laga treng pengar for å kunne reise på turneringar til glede for spelarane. 

–Det er viktig å skape aktivitet slik at handballgruppa blir meir attraktiv framover. 

Til toppen