NYTT KONSEPT: Butikksjef Katrine Nygård og medsjef Hanne Nygård-Bøe kunne i kveld syne fram den nyoppussa butikken i Lærdal. Foto: Sunniva K. Øvstetun
NYTT KONSEPT: Butikksjef Katrine Nygård og medsjef Hanne Nygård-Bøe kunne i kveld syne fram den nyoppussa butikken i Lærdal. Foto: Sunniva K. Øvstetun

Ny vri på Vivendi

I kveld vart dørene til Vivendi i Lærdal opna igjen etter å ha vore stengde i to dagar, og det var ei hyggeleg overrasking so venta på innsida.
 

I kveld vart dørene til Vivendi i Lærdal opna igjen etter to stengde dagar, og det var ein hyggeleg overrasking so venta på innsida.

Butikken som ligg midt i Lærdal sentrum lanserte i kveld eit heilt nytt konsept, eit konsept som er unikt her i Sogn.

– Eg føler at Lærdal treng ein butikk som Vivendi. Vivendi er ikkje berre ein vanleg butikk, men har også vorte ein stad der ein ofte treff kjensfolk. Me følte difor at det var på tide med ei oppgradering og eit nytt konsept, fortel butikksjef Katrine Nygård (33).

Kaffibar
No er det ikkje berre klede og interiør ein kan få kjøpt på Vivendi, butikken har nemleg fått på plass ein eigen kaffibar. Her vil ein få kunne kjøpe fleire ulike typar kaffi, te og kalde drikker, samt ulike typar belgisk luksussjokolade.

– Me ynskjer å skape god stemning og ein sosial møtestad, og gje kundane moglegheita til å setje seg ned og ta ein kopp kaffi.

Konseptet vart lansert i samband med det populære arrangement "Jentekveld på Vivendi",  der dei nærare 100 påmelde damene fekk sjå det vårens nye motar og det nyoppussa lokalet.

Artikkelen held fram under biletet

MOTEVISNING: Omlag 100 damer møtte i kveld opp på Vivendi for å få med seg årets nye motar.
MOTEVISNING: Omlag 100 damer møtte i kveld opp på Vivendi for å få med seg årets nye motar.

Stadig i utvikling
For om lag 3 år sidan var Nygård med på å starte opp Vivendi, og no er ho sjølv butikksjef. Butikksjefen fortel at Vivendi er ein butikk som stadig er i endring, men presiserer at det aldri vil verte snakk om å server noko meir enn ein kaffikopp.

– Det er viktig for oss at me på ingen måte skal vert ein konkurrent til dei andre serveringsstadane her i Lærdal, og me vil difor ikkje ta kaffiserveringa eit steg vidare.

Artikkelen held fram under biletet

NY UTSJÅNAD: Lokalet er nyoppussa og kaffibaren er på plass, Vivendi ynskjer gamle og nye kundar velkommen.
NY UTSJÅNAD: Lokalet er nyoppussa og kaffibaren er på plass, Vivendi ynskjer gamle og nye kundar velkommen.

Det neste steget for Vivendi er allereie planlagd. Sånn butikken er i dag er det ingen tilbod til mannfolk, men dette kjem til å endre seg. Nygård fortel at dei innan sommaren har planar om også å kunne tilby klede til herrar.

Familiebedrift
For om lag eitt år sidan fekk Vivendi nye eigarar, og butikken er no ei familiebedrift. Katrine samarbeider tett saman med systera Hanne Nygård-Bøe (40), og saman styrer dei skuta. Å drive butikk saman med familie har ofte synt seg å vere problematisk, men dei to systrene fortel med eitt smil at dette ikkje har vore eit problem.

– Sjølv om me er systrer har me ikkje krangla. Det at me er syskjen har vore positivt for oss, då me respekterer kvarandre og kjenner kvarandre sine grenser. Det vert difor lettare å merke når ein bør trekkje seg unna og når ein kan kjempe med nebb og klør.

Saman ynskjer dei to systrene å gi kjensfolk som møter kvarandre på butikken moglegheita til å setje seg ned med ein kopp kaffi, utan at dei treng å planlegge eit kafebesøk.

– Me vonar at mange kundane tek godt imot det nye tilbodet, og me ynskjer sjølvsagt både nye og gamle kundar velkommen.

Til toppen