Lærdal: På helsestasjonen ønskja helsesøster Sari Kumpula, velkomen til babytreff, torsdag. I strålande solskin møtte sju mødre med born i alderen to månader til eitt og eit halvt år opp. Sjå bileta nedst i saka!

Nokre av dei har med seg det nyaste tilskotet i syskjenflokken på både tre og fire, medan nokon, slik som Karin Schulz, har med seg sin førstefødte gut, Torgrim på ni veker.
– Dette er første gongen eg er med. Det er veldig kjekt å få kome å møte andre i same situasjon.
Les også: Samtlege varmerekordar i Indre Sogn kan ryka den neste veka
Les også: Eigar Line Moen går inn i rolla som dagleg leiar for Fagmøbler Årdal
Får dela erfaringar
Nokre gonger pleier Sari og helsestasjonen å invitere forskjellige fagfolk til møta, til dømes fastlege, tannlege, NAV eller fysioterapeut. Det er ofte òg eit tema for kvart treff, som fysisk aktivitet, søvn eller barnehage.
I dag var det derimot det sosiale som stod i fokus. Alle dei nye babyane som vart fødd på vårhalvåret i år, var nemleg inviterte til baby-treff for fyrste gong.
– Det er kjempeartig å få dele erfaringer med andre mødre, seier Karin Schulz.
Ho fortel at sonen hennar, Torgrim, vart fødd nestan ein månad for tidleg, og har difor vore heime fram til no, etter oppmoding frå fastlege.
– Eg har sett fram til baby-treff, ettersom eg har vore veldig nysgjerrig på å møte andre mødre, seier ho, før ho måtte røysa seg for å sjå etter sonen som ligg i vogna og kvilar, han pludrar litt der han ligg.
–Det er kjempeartig å få dele erfaringer med andre mødre. I dag har eg høyrt at det er fleire her som har erfaring med å få born som er født for tidleg. Eg synast at det har vore godt å få høyre at fleire har vore igjennom det same, seier ho, før ho skundar seg å legga til med eit smil:
– Det har vore veldig kjekt å få delta på baby-treffet i dag. Me kjem til å møta opp neste gong!
Gamal tradisjon

Baby-treffa er ein gamal tradisjon på helsestasjonen. Tilbodet vart starta av den førre helsesystra Ella som har drive det i fleire tiår. Sjølv har Sari berre vore med i omlag åtte.
– Eg trur at folk har behov for ein plass der dei kan møtast. Me tilbyr ein plass der mødre i forskjellige situasjonar kan møtast, og kor dei kan dele erfaringar med kvarandre, seier Sari Kumpula, helsesyster hjå Lærdal helsestasjon.