UT PÅ TUR: Ni skientusiastar sparka på seg skia søndag morgon og la ut på tur til Selebu på Filefjell. Foto: Rolf Engløkk
UT PÅ TUR: Ni skientusiastar sparka på seg skia søndag morgon og la ut på tur til Selebu på Filefjell. Foto: Rolf Engløkk

Nydeleg vêr frista skifolket til fjells i helga

Ni personar og ein hund slengte seg på den litt uformelle skituren til Sulebu søndag morgon.

Den pensjonerte skientusiasten Rolf Engløkk oppfordra turfolket i Lærdal til å feire morsdag og Valentinsdag med fastspente ski på føtene søndag morgon.

- Det var rett og slett nydelege skiforhold i dag. Sol på blå himmel og ikkje eit einaste vindkast, seier Engløkk til Porten.no

Les også: Søtsakene vart rivne vekk før Valentinsdagen

Romantikk og familietid til fjells

Turen starta på rådhuset i Lærdal klokka ni om morgonen og gjekk derifrå vidare til Kyrkjestølen på Filefjell.

- I alt var vi ni stykkjer og ein hund, fortel Engløkk.

Det vart også tid til å feira romantikken sin dag på dei snøfylte fjelltoppane.

- Vi hadde med oss eit kjærastepar i gruppa og ein familie. Alle hadde ein veldig fin dag, konkluderar Engløkk etter dagens ekspedisjon.

Kald start på dagen

Då turfølgjet kom til Kyrkjestølen, synte gradestokken -25 grader. Men då dei bevega seg opp langs Suletiden byrja temperaturen å stige.

- Det var ikkje meir enn -15 til -18 grader langs i løypa og då vi kom fram til Sulebu. Vi har jo klede på kroppen, så fraus gjorde vi ikkje, seier Engløkk.

Skituren som var arrangert av Lærdal Turlag, var eigentleg planlagt til førre helg. Men dårlig sikt og vêr gjorde at berre to personar stilte opp.

- Førre helg var det skikkeleg ruskevêr. Då valde vi å halde oss i skogsområde i staden. Det hadde ikkje vore mykje koseleg å gått til Sulebu då nei, seier han.

Balla på seg med turar

Rolf Engløkk er ikkje opphavleg frå Lærdal, men leia dei fleste turar i område som krever ski på føtene dei siste åra.

- Eg flytta hit i 2003. Før det budde eg i Trondheim og i Lillehammer nokre år. Eg starta med å gå eit par turar i område, så balla det berre på seg, seier han.

Han skryt over dei vakre fjellområda som smykkar seg rundt Lærdal og lovar at det blir fleire turar utover våren.

- I dag var berre ein heilt fantastisk dag å gå på ski. Det var ein del folk som hadde tenkt det same som oss som vi møtte på Selebu. Folk må følgja med på Facebook-sida vår, der annonserar  vi framtidige turar, seier Engløkk.

Til toppen