Nye alternativ for bru over Esefjorden
(Foto: Fylkeskommunen/arkiv)

Nye alternativ for bru over Esefjorden

I arbeidet med å planlegge bru over Esefjorden på fv. 55, ser fylkeskommunen no på nye alternativ for både form og plassering av brua.

Balestrand: Vestland fylkeskommune arbeider med ein reguleringsplan for skredsikringsprosjektet med bru over Esefjorden, i samråd med Sogndal kommune.

Tidlegare er eit alternativ med plassering av brua mellom Storesva på sørsida og Presthola på nordsida av Esefjorden skildra.

LEIAR: Ingar Hals er planleiar for fylkeskommunen Foto: Statens vegvesen/arkiv

Det skriver fylkeskommunen sjølv i ei pressemelding. 

Fleire alternativ

Fylkeskommunen undersøker no ei plassering noko lenger mot Balestrand sentrum på sørsida av Esefjorden. Også på nordsida av fjorden er brua flytta austover i dette alternativet.

– Vi ser at med ny plassering kan inngrepa langs fv. 55 sør for Esefjorden reduserast. Vi får også betre plass til trafikkavviklinga i anleggsfasen, seier Ingar Hals, planleiar i Vestland fylkeskommune.

– Større areal her kan også gjere sjølve arbeidet i anleggsfasen enklare. Vi vil no undersøke dei to bruplasseringane og vurdere
kva alternativ som er best.

Viktige tema i vurdering av løysingane: 

  • Kostnadar
  • Brua si innverknad på landskapsbiletet, estetiske vurderingar.
  • Terrenginngrep på land.
  • Trafikksikkerheit og omsynet til vegnormalane
  • Skredfare
  • Støy
  • Anleggsgjennomføring

Vil vurdere å gjere brua lågare

Ulike alternativ for trafikkavvikling inn mot brua blir også vurdert, som kryss eller rundkøyring.

Ein vil og sjå på seglingshøgda på brua, om den kan reduserast frå 15 til 12,5 meter.

Dette kan gjere brua mindre synleg i landskapet, og redusere kostnadane.
I det nye alternativet kan og ei meir rett bru over fjorden vere aktuell.

Nye grunnundersøkingar i november
Etter grunnundersøkingar viser det seg også at å bygge brua ved den første plasseringa vil bli vesentleg dyrare enn det som er lagt til grunn i kommunedelplanen. 

No står grunnundersøkingar på den alternative plasseringa på begge sider av fjorden for tur, for å sjå om det er skilnad i grunnforholda.

Då vil ein bore både på land og i fjordbotnen, dette arbeidet vil ta til i veke 48.

LØYSINGANE: Dette er dei forskjellige løysingane fylkeskommunen ser føre seg. Foto: Fylkeskommunen

Når fakta etter undersøkingane er klare skal alternativa gjennom ein prosess i planarbeidet, og ein reknar med å sitte att med eitt alternativ tidleg i 2021.

Utkast til reguleringsplan skal vere klar sommaren 2021, og blir sendt på høyring.

Til toppen