ARTISTSLEPP: Ingebjørg Bratland er ein av artistane som skal spele under årets Målrock. Foto: Pressfoto.  
ARTISTSLEPP: Ingebjørg Bratland er ein av artistane som skal spele under årets Målrock. Foto: Pressfoto.  

Nye artistar klare til Målrock

Ingebjørg Bratland, Stein Torleif Bjella og Monica Heldal til Målrock. 

Årdal: Det blir garantert mange gode tonar når Ingebjørg Bratland, Stein Torleif Bjella og Monica Heldal er klare for årets Målrock i Årdal.

Les også: Målrock får 40.000 kroner i støtte

Fyrste artist under Skåri

Monica Heldal er fyrste artist offentleggjort til Målrock under Skåri, medan dei andre garantert skal skape ei god Målrock-atmosfære i Meieriparken i august.

Ingebjørg Bratland er godt kjend for dei fleste med si stemme, unike songteknikk og formidlingsevne.

Les også: Tre nye artistar er klare for Målrock 

Den stemningsfulle visepopen hennar har vi mellom anna fått nyte i samband med tv-serien ”jul i svingen”, og ho har hatt høg rotasjon både på radio og TV det siste halve året.

Les også: Den første Målrock-artisten er klar

Hennar andre soloalbum ”Månesinn” kom i november 2015 og har begeistra publikum over heile landet. Når ho no kjem til Meieriparken og Målrock er det for fyrste gong.

Spelte under første festivalen

Stein Torleif Bjella debuterte som soloartist i 2009 med plata ”Heidersmenn”, og har sidan den gong gitt ut to plater til.

ARTIST: Stein Torleif Bjella skal spele under Målrock 2016.
ARTIST: Stein Torleif Bjella skal spele under Målrock 2016.

Les også: Hihop-veteran til årets Målrock

Han starta karriera si i bandet ”Tolv Volt” som spelte på den aller første Målrocken, men har verkeleg gjort suksess som soloartist i etterkant.

Stein Torleif Bjella har no gitt ut tre plater og vore etterspurt til Målrock i fleire år.

Einaste engelske 

Monica Heldal er den fyrste artisten klar for årets Målrock under Skåri. Ho er mest kjend for låta ”Boy from the North” og er den einaste artisten som ikkje syng på norsk under årets festival.

Les også: Desse tenåringsidola kjem til Målrock

Under Skåri: Monica Heldal er den fyrste artisten som skal spele under Skåri.
Under Skåri: Monica Heldal er den fyrste artisten som skal spele under Skåri.

Monica Heldal ga ut sitt debutalbum i 2012, og vann både Spellemannpris for den og blei tildelt Gramo-stipendet som årets nykommar. Ho slepp i desse dagar sitt andre album ”The one in the sun”, til strålande anmeldelsar.

– Vi gler oss stort til å få desse tre til Årdal i august, seier festivalsjef i Målrock, Katrine Clausen Fredheim.

Etterspurde av publikum

Alle tre er etterspurde av publikum til festivalen, men særleg Ingebjørg Bratland og Stein Torleif Bjella er to av dei vi verkeleg gler oss over å ha klare til festivalen.

Alle tre leverar konsertar i toppklassa som ein seint vil gløyme.”

Les også: Markus og Martinus har sett Målrock-rekord

Målrock 2016 går av stabelen i Årdal 10-13. august. Markus & Martinus står i år for ein pangopning onsdag 10. august, før festivalen for alvor brakar laus frå torsdag 11. august til og med laurdag 13. august.

Til toppen