Bekrefta: Minor Majority er bekrefta til Målrock 2015 under Skåri. Foto: Pressemelding
Bekrefta: Minor Majority er bekrefta til Målrock 2015 under Skåri. Foto: Pressemelding

Nye artistar på Målrock programmet

Målrock arrangørane har no sleppt tre nye artistar som er bekrefta til årets arrangement. 

Programmet for Målrock 2015 er snart ferdigstilt, og arrangørane er glade for å kunne komme ut med namna på tre nye artistar som vert å sjå på scena i sommar. Blandt desse er Highasakite, som vert ei av hovudattraksjonane blandt årets artistar.

Bandet har utvikla seg til eit markant norsk band det siste året, spesielt etter suksessen dei hadde med plata "Silent Treatment". Dei siste åra har dei turnert verda rundt med sin indie rock prega musikkstil, og vann to prisar under årets Spellemann.

I tillegg er det dei som står bak kjenningsmelodien til TV2 serien Frikjent, som spelte inn fleire av scenene sine i Årdalstangen og Lærdalsområdet. Denne låta er no ferdigstilt og vert sluppe 1. Juni, og bandet gler seg til å kunne spele den live mellom fjella som prydar naturbileta i serien.

– Det blir fantastisk å komme til Målrock og sjå den utrulege naturen med eigne auge, me gler oss veldig! seier dei i ei pressemelding.

Skal skape stemning under Skåri

Dei to andre banda som no er bekrefta, Tommy Tokyo og Minor Majority, skal skape stemning under arragnementet under Skåri laurdag morgon den 8. August.

Tommy Tokyo vert hovudartisten under dette arrangementet. Han har nyleg sleppt si fyrste norske plate, "Hev deg over det derre der", som er hans sjette totalt, og vert omtalt av arrangørane som ein artist som "ikkje kastar vekk verken ord eller melodiar på uvesentlege ting".

Minor Majority har eit melankolsk og drøymande utrykk i musikken sin, noko arrangørane meiner kjem til å passe godt inn under Skåri, og denne musikken i tillegg til låtane til Tommy Tokyo vil verte ei oppleving ein seint vil gløyme.

– Me gler oss sjølvsagt stort til alle desse tre artistane, seier bookingsjef Thomas Nordheim Moen i ei pressemelding. 

– Me meiner sjølve me nok ein gong leverer eit sterkt Målrock-program, og enno står det att nokre få namn. Heile pakka rundt festivalen er sterkare enn nokon sinne, og me vonar alle kjenner si besøkelsestid.

For meir informasjon om arrangementet og bestilling av billettar viser me til festivalen si heimeside: http://www.malrock.no

 

Til toppen