Lærdal: Fem vogntog og ein varebil var involverte i den voldsomme massekollisjonen i Lærdal natt til fredag. Bileta som vart tekne frå ein til to og ein halv time etter ulukka viser tydeleg kva slags krefter som har vore i sving.
Fire av vogntoga og varebilen var ståande fullstendig samantrykte. Verst gjekk det utover varebilen, som truleg har hamna i skvis mellom dei store vogntoga. Sjåføren er hardt skada, medan ein av vogntogsjåførane har moderate skader. Begge er stabile, melde Helse Førde AMK like før klokka 14 i dag.
Det femte vogntoget kræsja gjennom autovernet, før det vart ståande langs kanten av Lærdalselvi, 150 meter nedanfor kjedekollisjonen.
Ulukka skjedde mellom Sælthun og Bjørkum på E16 i Lærdalsdalen, omtrent atten kilometer frå Lærdalsøyri. Politiet har stadfesta at det var bar og fin veg før og etter ulukkesstaden, men særs glatt på ein litt over kilometeren lang strekning.
Fem ambulansar, lege, luftambulanse, redningshelikopter og to politibilar rykka ut etter at meldinga om ulukka kom klokka 01.55. Lærdal brann og redning mobiliserte alt dei hadde av bilar, utstyr og mannskap.