ORDKNAPP: Ordførar Noralv Distad håpar dei snart kan få landa forhandlingane om eigarstrukturen i Aurland Ressursutvikling.
ORDKNAPP: Ordførar Noralv Distad håpar dei snart kan få landa forhandlingane om eigarstrukturen i Aurland Ressursutvikling. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Nye eigarar vil inn i turistmotoren i Flåm – ordføraren håpar på rask avklaring

Ordførar Noralv Distad er ordknapp om dei pågåande forhandlingane. NSB og Fjord1 er aktuelle kandidatar som nye eigarar i Aurland Ressursutvikling.

Aurland: Aurland Ressursutvikling er i forhandlingar med aktørar som ønskjer å kjøpa seg inn i selskapet. Onsdag orienterte ordførar Noralv Distad om stoda til politikarane i formannskapet.

Til pressa er det mindre han kan avsløra om innhaldet i forhandlingane.

– Forhandlingane om eigarskapen pågår framleis. Møtet i formannskapet var av orienterande karakter, seier Distad.

Les òg: Aldri har turisme vore så god butikk i Flåm som i 2017

TURISTMAGNET: The Fjords er i vekst på fjorden. I fjor omsette dei for 150 millionar kroner. Foto: Halvor Farsund Storvik

Turisme er god butikk

Aurland ressursutvikling er eigd av kommunen, SIVA og Aurland Sparebank, og jobbar for å utvikla Flåm som reisemål. I fjor omsette turistverksemdene under Aurland Ressursutvikling for over 200 millionar kroner. Til saman er det over 100 heilårstilsette i Flåm-klynga. 

Fleire selskap har vist interesse for å koma inn på eigarsida hos Aurland Ressursutvikling. Til Sogn Avis har Distad tidlegare stadfesta at både NSB, Fjord1 og Schage Eigedom skal vera blant desse.

NSB og Fjord1 er allereie viktige samarbeidspartnarar. Flåmsbana er drifta av Flåm Utvikling, eit selskap NSB og Aurland Ressursutvikling eig halvparten av aksjane i kvar. The Fjords er organisert på same vis, med Fjord1 og Aurland Ressursutvikling som jambyrdige eigarar.

Håpar på rask løysing

OVERSKOT: Flåmsbana frakta om lag ein million passasjerar i fjor, og dette gav eit resultat på over 100 millionar i overskot.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. Foto: Truls G. Sylvarnes

I fjor hadde Flåmsbana tett på 1 million reisande i 2017, medan 578.000 løyste billett på fergene til The Fjords, blant dei Future og Vision of the Fjords, som fraktar turistar på Nærøyfjorden.

Distad vil ikkje kommentera kven som tek del i eigarskapsforhandlingane, eller kva vilkår som blir diskuterte. Det einaste han kan stadfesta er at Aurland kommune ikkje har planar om å trekka seg ut.

– Me er opptekne av at me får sluttført forhandlingane om eigarskapen, slik at me får det raskt på plass. Forhåpentlegvis kjem me fram til ei løysing i løpet av året, seier Distad.

Til toppen