NYE FORHANDLINGAR: Sogn og Fjordane og Hordaland møtest på nyåret til nye forhandlingsmøte om ein ny vestlandsregion. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.
NYE FORHANDLINGAR: Sogn og Fjordane og Hordaland møtest på nyåret til nye forhandlingsmøte om ein ny vestlandsregion. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Nye forhandlingar om vestlandsregion

Sogn og Fjordane og Hordaland møtest på nyåret til nye forhandlingsmøte om ein ny vestlandsregion.

Fylket: Utgangspunktet for Vestlandsregionen var intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Fylkestinget i Rogaland vedtok å halde fram som eigen region inntil vidare, medan dei to andre vil gå vidare med regionplanane.

Fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Hordaland skal derfor forhandle vidare 16. og 17. januar 2017. Då møtest forhandlingsutvala i Bergen, går det fram av ei pressemelding. Forhandlingsutvala er dei same som dei som forhandla fram intensjonsplanen, som vart underteikna i september i år.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane opnar også for å invitere Møre og Romsdal med i dei nye forhandlingane.

Fylkestinget i Hordaland er positive til at kommunar i Nord-Rogaland også kan bli del av ein stor Vestlandsregion, dersom dei ønskjer dette.

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun i høvesvis Sogn og Fjordane og Hordaland, har sendt brev til Stortinget og bede om å få bruke januar 2017 for å avslutte prosessen med eventuelle strukturendringar for fylkeskommunane. (©NPK)

Til toppen