Lærdal: I vinter har såkalla dynamiske fareskilt for hjort vore testa ut på tre strekningar i Flora, Førde og Høyanger, der det lenge har vore mykje hjort, fortel Norsk hjortesenter i ei pressemelding.

Dei nye hjorteskilta har to varsellys som blinkar vekselvis. Vekselblinkarane blir styrte av ein datamodell som er basert på statistikk over tidlegare påkøyringar og blir slegne av og på via SMS frå ein dataserver.
Fram til utgangen av mai har det berre vore registrert éi påkøyring på desse strekningane, medan det for same perioden i fjor var registrert i alt seksten påkøyringar på dei same strekningane, heiter det.
Hjortesenteret meiner det ser ut som skilta har hatt positiv effekt, men vil no setja opp dei nye hjorteskilta på fire nye strekningar i Sogn og Fjordane for å få betre tal å samanlikna med. To av skilta skal plasserast i Nordfjord, i Naustdal og Kyrkjeeide i Stryn – medan to skal plasserast i Sogn, i Valeberg i Sogndal og Eriflata i Lærdal.
– Det vil då vera sju strekningar med ei stor geografisk spreiing og dermed betre føresetnad for å kunna måla effekten av skilta, meiner Hjortesenteret.
(©NPK)