NY POLITIKK: Steinar Øydvin og Sogndal SV ønskjer mindre trafikk på vegane.
NY POLITIKK: Steinar Øydvin og Sogndal SV ønskjer mindre trafikk på vegane.

MEININGAR

«Nye klimatider krev moderne transportpolitikk»

SV i Sogndal meiner trafikken må ned på vegane. Både fordi miljøet krev det, men óg fordi ny teknologi gjer det mogleg.

Meiningar: Føresetnaden som ligg til grunn for Nasjonal Transportplan om vedvarende transportauke er ein gamaldags politikk som heng att frå fossilalderen.

Held vi fram med å styre etter dei gamle vekstføresetnadene risikerer vi å gjere alvorlege feilinvesteringar og feilprioriteringar, som planane om ferjefri kyststamveg på Vestlandet.

Teknologisk framtid

Ny teknologi innan og med konsekvens for transportområdet er på veg, som førarlause privatbilar, meir avanserte logistikksystem, «platooning» (delvis sjølvkøyrande rekke av godstransport), meir fleksibel førarlaus elektrisk kollektivtransport, bruk av droner, videokonferansesystem og 3D-skrivarar.

Ny teknologi i kombinasjon med at eit 100 prosent globalt fornybarbasert energisystem ikkje kan vere eit like stort energioverflodssamfunn som det fossilenergisamfunnet vi har i dag, gjer at vi framover både bør, og har høve til, å styre mot eit monaleg lægre transportvolum.

Klimaendringar gjer vidare at vi må bruke langt meir ressursar på vedlikehald og opprusting av eksisterande transportinfrastruktur. 

Tre prinsipp

I sum betyr dette at vi må forandre den nasjonale transportpolitikken radikalt, ut frå følgande prinsipp:

  • Færre nye prosjekt og omprioritering: Flytte ressursar frå bygging av nye prosjekt til vedlikehald og opprusting av eksisterande transportinfrastruktur
  • Låg-energi: I tillegg til null-utsleppsmål må transportsektoren effektivisere og samla sett redusere energibruken, også forbruket av fornybar energi
  • Låg-mobilitet: Styre mot å redusere, ikkje auke, det samla transportvolumet på alle område, ikkje berre redusere privatbilbruken i sentrum av dei største byane

Konkrete prosjekt som er viktige for Sogndal SV

Gode kommunikasjonar er ein viktig del av samfunnet sin infrastruktur, og avgjerande for utviklinga i distrikta. Andre faktorar enn såkalla samfunnsøkonomisk lønsemd må derfor  tilleggast vekt i NTP. Det er no ei skeivfordeling mellom det sentrale austlandsområda og distrikts-Noreg i fordeling av investeringane. Dette må rettast opp før planen vert politisk vedteken.

  • Trygg veg frå Hella til Leikanger og bru over Esefjorden
  • Voss-Bergen, tog og trygg veg
  • Natt-tog Indre Sogn-Oslo: med båt eller buss frå Sogndal til Flåm og sovevogn frå Flåm til Myrdal og vidare med Bergensbanen
  • Vikafjellet og Hemsedal er viktig for regionen
Til toppen