FØREBUDD PÅ NAMNESTRID: – Eg ser ikkje bort frå at kommunesamanslåingane kan føra til strid om namna på dei nye kommunane, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet, som rår kommunane til å starta tidleg med desse diskusjonane. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
FØREBUDD PÅ NAMNESTRID: – Eg ser ikkje bort frå at kommunesamanslåingane kan føra til strid om namna på dei nye kommunane, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet, som rår kommunane til å starta tidleg med desse diskusjonane. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Nye kommunenamn kan skapa strid

– Namnet på nyestorkommunar er viktigare enn mange trur. Eitt av dei viktigaste råda våre er difor å løfta fram namnevalet så tidleg som mogleg, seier seksjonsleiar Daniel Ims i Språkrådet.

  • Endret

Om kommunane som planlegg å slå seg saman, ventar med å diskutera namnet på dennye kommunen, er han redd det kan få uheldige konsekvensar.

– I verste fall kan det bli ei sak som kansprengja heile prosessen eller føra til politiske omkampar seinare, seier Ims.

Han peikar på at det tidleg i arbeidet ikkje er uvanleg at det blir brukt eit prosjektnamn somkan festa seg hos enkelte og vekkja reaksjonar hos andre.

– Til slutt kan det bli ein veldig strid. Ein slik situasjon ville vera svært uheldig.

Skrekkeksempel

At kommunesamanslåingar og namneendringarkan setja sinna i kok, er ikkje nytt. Eit skrekkeksempel i nyare tid er samanslåinga av Borre og Horten i 1988.

– Der var det så mykje strid at ein til og med fekk eit eige parti som hadde som si fremste sak å få endra kommunenamnet, fortel seksjonsleiaren i Språkrådet.

At kommunenamnet kan vekkja så sterke kjensler, heng saman med at mykje av identiteten til folk er knytt til namnet på kommunen, meiner han.

– Når det skal byggjast ein ny kommune, er det viktig at innbyggjarane får ei tilhøyrsle. Derkan namnevalet spela ei rolle, seier Ims.

Kollisjon mellom prinsipp

Språkrådet har ikkje mandat til å bestemma over kommunane når det gjeld kommunenamn, men kjem gjerne med råd om namneval og skrivemåte.

– Vi har dessutan eit særleg ansvar for å følgja opp stadnamn og har ei rådgjevande rolle i høve til stadnamnlova, seier Ims. Eit viktig prinsipp er at stadnamn er nedarva kulturminne som det er viktig å ta vare på.

– Eit namn som har tradisjon éin plass, kanikkje utan vidare bytast ut med eit anna namn, seier Ims og viser til at dette er ein viktig grunnregel i stadnamnlova.

Når to eller fleire kommunar skal bli éin, er det duka for konflikt med dette prinsippet.

– Viss fem kommunar skal slå seg saman, er det ikkje mogleg å kunna ta vare på alle fem namna, seier Ims.

Språkrådet rår også frå å slå saman to namn til eitt nytt kommunenamn med bindestrek.

– Bindestreksnamn blir fort tungvint, seier Ims, som peikar på at eit kommunenamn skal vera lett å bruka både munnleg og skriftleg.

– Dessutan kan det vera problematisk å få til ein felles identitet med eit slikt namn, meiner han.

Områdenamn

Enkelte plassar kan såkalla områdenamn vera eit alternativ.

– Men då bør namnet vera dekkjande for store delar av det aktuelle området, legg Ims til.

Språkrådet meiner til dømes det er problematisk at dei midtre kommunane i Gudbrandsdalen ville slå seg saman og kalla seg «Gudbrandsdal kommune». Her meiner rådet det kunne vera naturleg med ei presisering som får fram at det berre er snakk om delar av Gudbrandsdalen, til dømes «Midt-Gudbrandsdal».

For Valdres, der så mange som fem av seks kommunar har sysla med tanken om å slå seg saman, er situasjonen annleis, meiner Ims.

– Men vi ser ein slags potensiell konflikt knytt til slike områdenamn som mange har tilknyting til, legg han til.

Samlenamn med sterk identitet

Sogn, Jæren og Hardanger er døme på andre områdenamn som er brukte i fleire samanhengar, til dømes i samansette ord som sognemål, jærdialekt og hardingmål.

Fordi dette er stadnamn mange har eit forhold til, kan dei både verka samlande og ekskluderande.

– Viss eit mindretal av sognekommunane vil kalla seg Sogn, reknar eg med at det vil vekkja reaksjonar. Men då kan ei løysing vera eit tillegg, til dømes Indre Sogn, seier Ims.

På same måten trur han det vil skapa stridviss folk som identifiserer seg veldig med Hardanger, ikkje hamnar i ein ny potensiell hardangerkommune.

Historiske namn som samlar

Sjølv er seksjonssjefen frå Re kommune i Vestfold. Kommunen er resultat av ei samanslåing mellom kommunane Våle og Ramnes.

– Re var ikkje noko tradisjonelt områdenamn i nokon av dei to kommunane, men Re blei likevel teke fram fordi det var ein stad i kommunen med historisk sus over seg gjennom slaga på Re.

Han fortel vidare at Nøtterøy og Tjøme no ser ut til å velja Færder som nytt namn på den nyestorkommunen.

– Det var heller ikkje noko tradisjonelt områdenamn for kommunane, men eit kjent område som fleire kan identifisera seg med. (©NPK)

Til toppen