GODE UTSIKTER: Fleire arbeidsplassar har blitt nedlagt i fylket den siste tida, mellom anna i Årdal og Sogndal, men Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane, seier utsiktene for jobb er gode. Foto: NAV. 
GODE UTSIKTER: Fleire arbeidsplassar har blitt nedlagt i fylket den siste tida, mellom anna i Årdal og Sogndal, men Tore Thorsnes, direktør i NAV Sogn og Fjordane, seier utsiktene for jobb er gode. Foto: NAV.  (Foto: NAV Sogn og Fjordane)

– Nye ledige har gode jobbsjansar

Den siste veka har mange mista arbeidsplassen i Sogn og Fjordane, mellom anna i Årdal og Sogndal, men sjansane for ny jobb er god, meiner NAV-direktøren.

Sogn: I tillegg til Årdal og Sogndal, har også fleire arbeidsplassar blitt nedlagt i Førde og Stryn den siste tida, men sjansane for ny jobb er god, seier Tore Thorsnes.

– Mange har mista arbeidet den siste veka i Årdal, Sogndal, Førde og Stryn, men samstundes er tilgangen på nye jobbar god i dei same kommunane, seier han i ei pressemelding

Det er utlyst til saman 122 jobbar i dei fire kommunane denne månaden og mange av desse er innan relevante bransjar som industri, bygg og anlegg, butikk, kontor, reiseliv, transport og ulike serviceyrke.

– Når me i tillegg veit at mange jobbar ikkje vert lyst ut offentleg, er utsiktene til ny jobb gode for mange av dei som blir ledige, trur Thorsnes.

Stryn med størst reduksjon

Dei ferske tala som vert lagt fram fredag, syner at Sogn og Fjordane framleis har den lågaste arbeidsløysa i landet med 894 heilt ledige, noko som utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken.

Det er 112 færre enn oktober i fjor, noko som svarar til ein reduksjon på 11 prosent. På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 3 prosent frå same månad i fjor. Det er no 77 822 heilt ledige, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken.

Heile 17 kommuner i fylket vårt har reduksjon i arbeidsløysa, der Stryn har størst reduksjon med 35 færre arbeidsledige. Sju kommunar har ei arbeidsløysa på under éin prosent, der Leikanger kjem best ut med 0,3 prosent.

Den høgaste arbeidsløysa finn me i kystkommunane Bremanger (2,7 prosent) og Flora (2,5 prosent).

Årdal og Sogndal er dei einaste kommunane i Indre Sogn med ein auke.

Her er tala over heile ledige for din kommune

Kommune Antal % arbeidsstyrken Endring antal frå i fjor
Leikanger 4 0,3 -3
Sogndal 62 1,4 6
Aurland 7 0,7 -6
Lærdal 14 1,2 -4
Årdal 41 1,5 3
Luster 28 1,0 -13

 

Til toppen