FLAUM: I fjor haust blei Lærdal og fleire andre kommunar hardt råka av flaum. Til no har kommunen fått utdelt 6 millionar kroner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men får ingenting denne gongen. Arkivfoto: Anne Karin Skjær. 
FLAUM: I fjor haust blei Lærdal og fleire andre kommunar hardt råka av flaum. Til no har kommunen fått utdelt 6 millionar kroner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, men får ingenting denne gongen. Arkivfoto: Anne Karin Skjær. 

Nye millionar til flaumråka kommunar

Men ingenting til Lærdal i denne omgang.

Lærdal: Torsdag deler Kommunal- og moderniseringsdepartementet ut fleire millionar til kommunane som vart hardast råka av flaumen i fjor haust.

Denne gongen er det derimot ingen kroner som går i retning av Lærdal, som fekk i underkant av 6 millionar kroner sist kommunalministeren delte ut pengar for skadane.

– Lærdal ligg litt etter i behandlinga fordi andre kommunar har høgare prioritet, og så går dette på kapasitet i NVE, seier ordførar i Lærdal Jan Geir Solheim til Porten.no.

Store skadar

FORVENTINGAR: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, både reknar med og forventar at det kjem meir støtte til kommunen. Arkiv
FORVENTINGAR: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, både reknar med og forventar at det kjem meir støtte til kommunen. Arkiv

Han forklarar at særleg i NVE, som er dei som planlegg og registrerer øydeleggingane etter flaumen, har det vore kapasitetsutfordringar, og at det difor er naturlege årsaker til at Lærdal ikkje får pengar denne gongen.

– Me har store skader me også, men det er vanskeleg å seia kor mykje av det som er kommunen sin del. Det er så mange interessentar i Lærdal, som Statens vegvesen, Forsvaret, private grunneigarar, politi og staten.

– Me har ikkje kome så langt at me har samla oversikt, og så spørs det kor stor del av dette som fell på kommunen og kor mykje eigenandelar som skal dekkast, seier han.

– Forventar at Lærdal får sin del

Sjølv om det var lite skadar på hus og bygningar i Lærdal, er det framleis kommunal vegar og bruer som krev utbetring og sikringstiltak. 

– Eg både reknar med og forventar at Lærdal får sin del, legg Solheim til.

I denne omgang deler departementet ut 71,6 millionar kroner til flaumråka kommunar, og det var Aurland som fekk største delen med 64,6 millionar kroner. Resten var fordelt på Gaular, Vik og Odda. 

Voss og Kvam fekk i likskap med Lærdal heller ingen pengar utdelt hjå kommunalminister Jan Tore Sanner denne gongen.

Til toppen