TYPISK TURISTSTAD: Flåm og Gudvangen har fått status som typisk turiststad heile året etter ei godkjenning frå Fylkesmannen. Også Aurlandsvangen og Undredal har fått same status i sommarmånadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TYPISK TURISTSTAD: Flåm og Gudvangen har fått status som typisk turiststad heile året etter ei godkjenning frå Fylkesmannen. Også Aurlandsvangen og Undredal har fått same status i sommarmånadene. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Nye Myrdal stasjon skal stå klar i 2020 og vil kosta rundt 160 millionar

Den øvste stasjonen på Flåmsbana skal stå fram i ny drakt. Storinvesteringa skal gjera i første rekke gjera det tryggare for passasjerane, men eit utsiktspunkt over Flåmsdalen er òg med i planane.

Flåm: Bane Nor, den statlege verksemda med ansvar for jarnbana Norge, vil bruka rundt 160 millionar kroner på Myrdal stasjon, den øvste endestasjonen på Flåmsbana. Målet er at stasjonen skal verta tryggare og enklare å ferdast på for dei reisande, skriv Aurlendingen.

Det er òg planar om å laga eit utsiktspunkt med oversikt nedover dalen. 

– Det er sagt at arbeidet skal vera utført i løpet av 2020, og såleis må me starta opp neste vår eller sommar, seier prosjektansvarleg Ingunn Skaufel i Bane Nor til Aurlendingen.

Droppar gangbru

Ho fortel at kostnaden ved prosjektet framleis er usikker, men at det skal lagast eit nytt estimat i slutten av mai.

Eit konkret mål med utbygginga er å hindra at folk kryssar togspora, noko avisa skriv at turistar av og til gjer for å best mogleg utsikt nedover Flåmsdalen.

Frå tidlegare planar har Bane Nor skrinlagt bygginga av ei gangbru over dei tre spora. Brua ville ha blitt ein attraksjon i seg sjølv, men til Aurlendingen seier Skaufel denne løysinga ville blitt for dominerande. 

I staden skal det byggjast ein undergang, med ein oppgang til den midtre plattforma.

Legg opp til normal trafikk under byggjinga

Rundt ein million reisande løyste billett på Flåmsbana i 2017, opp frå 635.000 i 2012.

I fjor kom størstedelen av auken i vinterhalvåret, men det store trykket er sjølvsagt i turistsesongen om sommaren.

Likevel må det meste av byggjinga skje utanom det mindre travle vinterhalvåret. Dette er på grunn av det tøffe klimaet 867 meter over havet, og andre praktiske utfordringar som mangel på bilveg.

Bane Nor tek sikte på å jobba mest mogleg utanom faste rutetider og når det passar med andre togfrie periodar, som når det er planlagd vedlikehald.

– Me legg opp til at trafikken på Flåmsbana i utgangspunktet vil gå som normalt, seier Skaufel.

Til toppen