Det nye regelverket trer i kraft 1. oktober.
– Det blir no enklare for legane og førarkortsøkjarane å sjå kva for krav som gjeld. Det vil bli mindre rom for skjønn og dermed meir lik behandling, seier divisjonsdirektør Svein Lie i Helsedirektoratet.
For sjåførar med diabetes blir regelverket noko strengare enn før. For sjåførar som blant anna brukar enkelte vanedannande legemiddel, lir av respirasjonssvikt, demens, søvnapné eller narkolepsi blir reglane også skjerpa.
Regelverket er justert med ny medisinsk kunnskap om ulike tilstandar og deira effekt på trafikktryggleiken.
Det blir også tydelegare kva for reglar som gjeld for den enkelte tilstand, og kven som fyller helsekrava og ikkje. Legane skal på ein meir einskapleg måte undersøkje evna til søkjarane til å tenkje og reagere i trafikken. (©NPK)