Her er opnings- og stengingstidene som skal gjelda fram til og med fyrstkomande sundag:
0800 – 0855 Stengt
0855 – 0900 Ope
0900 – 1035 Stengt
1035 – 1040 Ope
1040 – 1155 Stengt
1155 – 1230 Ope
1230 – 1335 Stengt
1335 – 1340 Ope
1340 – 1455 Stengt
1455 – 1500 Ope
1500 – 1555 Stengt
1555 – 1600 Ope
1600 – 1635 Stengt
1635 – 1640 Ope
1640 -1700 Stengt
1700 – 0800 Ope
Årdal: Opningstidene gjeld begge vegar, fram til og med sundagen som kjem. Nye opningstider vil deretter verta offentleggjorde på Statens vegvesen sine heimesider, opplyser Rune Dvergsdal.
Endringa i opningstidene trådde i kraft alt i går, og det vart lyst ut gjennom Statens vegvesen si vegtrafikkmelding.
– Fjellreinskarane kan vera i fjellet lenger på grunn av dagslyset som varar lenger. Og so er det stabilt vêr no, og då gjeld det å utnytta godvêret.
Difor vil dei jobba i helga òg, i og med at langtidsvêrmeldinga varslar om gode arbeidsforhold.
Fjellreinskarane ligg litt etter skjema, men Dvergsdal har trua på at ved å ta kveldane og helga til hjelp, so kjem dei so langt som dei har sett føre seg.
– Mykje tilseier at me neste veke kan byrja arbeidet med å få på plass sikringsgjerdet, men alt er avhengig av vêret.
Utelukkar ikkje meir helgearbeid frametter
For å få på plass sikringsgjerdet so raskt som mogleg, utelukker ikkje Dvergsdal at det kan verta ein del helgearbeid i vekene som kjem.
Fyrst når sikringsgjerdet er på plass, kjem dei til å fjerna alle steinane.
– Me ynskjer å ha den steinvollen attmed vegen so lenge som råd, slik at all steinkøyringa vil vera blant det siste me gjer.
Før sikringsgjerdet er på plass, hindrar vegvesenet sitt improviserte steingjerde på oppsida av vegen at småsteinar stadig slår ut i vegbanen.
– Den vollen tek i mot litt småstein, slik at me slepp å reinska opp vegen heile tida, seier Dvergsdal.