FLEIRE OPPGÅVER: Kommunane vil få ansvar for tannhelsa, delar av kollektivtrafikken og ei rad andre mindre oppgåver, går det fram av proposisjonane som kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la fram onsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik.
FLEIRE OPPGÅVER: Kommunane vil få ansvar for tannhelsa, delar av kollektivtrafikken og ei rad andre mindre oppgåver, går det fram av proposisjonane som kommunalminister Jan Tore Sanner (H) la fram onsdag. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Nye oppgåver til kommunane​

Kommunane vil få ansvar for tannhelsa, delar av kollektivtrafikken og ei rad andre mindre oppgåver. 

Sogndal: Onsdag la kommunalminister Jan Tore Sanner (H) fram tre stortingsmeldingar om kommunereforma og regionreforma, blant anna om kva oppgåver dei nye kommunane skal få.

– Kommunereforma handlar om å sikre gode velferdstenester i heile landet, no og i framtida, seier Sanner i ei pressemelding.

Kommunane skal blant anna overta ansvaret for tannhelsetenesta, mens dei største kommunane også får ansvar for delar av kollektivtrafikken – på visse vilkår. I dag har fylkeskommunane ansvaret for dette.

I 2014 hadde den fylkeskommunale tannhelsetenesta ei omsetning på nesten 3 milliardar kroner og utgjorde om lag 3.400 årsverk.

Også når det gjeld barnevernet skal kommunen få fleire oppgåver og meir ansvar. Barnevernet er i dag eit felles ansvar mellom stat, fylkeskommune og kommune.

Fylkeskommunar

Sanner avviser at omlegginga er eit forsøk på å fjerne oppgåver frå fylkeskommunen for seinare å fjerne mellomnivået mellom stat og kommune.

– Fylkesgrensene i dag avgrensar den regionale utviklinga. Fylke med felles utfordringar bør i større grad løyse desse saman. Vi meiner større og meir funksjonelle fylkeskommunar legg grunnlag for betre samarbeid med andre regionale aktørar og meir heilskapleg samfunnsutvikling, seier Sanner.

Også fylkeskommunen får nye oppgåver i proposisjonen Sanner la fram onsdag.

Det omfattar blant anna ansvar for kjøp av innanlandske flyruter, tilskot til private lufthamner, ansvar for statlege fiskerihamnanlegg, tilskotsmiddel innan landbruket, middel til kultur og kulturminneoppgåver. Målet er eit styrkt samarbeid med staten.

Fortset framover

Sanner seier vidare at kommunereforma må fortsette framover. Ifølgje kommunalministeren er det framleis fleire kommunar som vurderer samanslåing, og departementet varslar ein oppdatert status i kommuneproposisjonen for 2018.

I 2020 vil Noreg ha 356 kommunar, mot 428 før reforma starta. Då har 118 kommunar gått saman til 46 nye kommunar.

Dei 19 fylka skal reduserast til "om lag" ti regionar, og talet på fylkesmenn følgjer etter.

(©NPK)

Til toppen