SKJERAST VEKK: Nye reglar gjer at meir av elg-, hjorte-, reins- og rådyrslakt må skjerast bort dersom kjøtet blir omsett til lokale foredlarar og til viltbehandlingsanlegg. Illustrasjonsfoto
SKJERAST VEKK: Nye reglar gjer at meir av elg-, hjorte-, reins- og rådyrslakt må skjerast bort dersom kjøtet blir omsett til lokale foredlarar og til viltbehandlingsanlegg. Illustrasjonsfoto

Nye reglar: 200 tonn viltkjøt må kastast

Jegerar og slakteri må skjere vekk minst 200 tonn kjøt med blyrestar etter ei regelendring frå Mattilsynet.

– Mattilsynet krev at det blir skore vekk meir på slakt som blir omsette til lokale foredlarar og til viltbehandlingsanlegg, seier Gunnar Olav Hårstad ved Skogkurs på Biri.

I år må viltslakt gjennom nye behandlingsrutinar etter at bransjestandarden for feltkontrollørordninga blei innført 1. august, skriv Nationen.

Må skjere vekk to kilo

Når storvilt får ei kule i sida, gir kula frå seg bly til slaktet. Og derifrå er vegen kort til middagsbordet.

– I tillegg til sjølve sårkanalen skal det skjerast vekk 10 centimeter i radius ekstra når dyra blir flådd. Vi har fått eit pålegg av Mattilsynet, seier Hårstad.

I fjor blei det slakta 99.100 hjortevilt i Noreg. Slaktarar avisa har snakka med, reknar med at minst 2 kilo forsvinn frå kvart slakt i snitt, noko som gir eit svinn på minst 200 tonn.

– Galskap

– Blyhagl fører til enorm sløsing med mat. Når så mykje som 200 tonn kjøt må skjerast vekk fordi det blir brukt blyammunisjon i staden for stål, viser det galskapen i vedtaket til stortingsfleirtalet om å innføre blyammunisjon på ny, seier SVs miljøpolitiske talsmann, Heikki Eidsvoll Holmås.

Han varslar at SV vil bruke statsbudsjettet til å føreslå grep som gjer det meir attraktivt å bruke meir miljøvennlege alternativ.

350 gonger for mykje bly i kjøt

Bakgrunnen for pålegget er funn av bly i karbonadedeig. I kontrollar av hjorteviltkjøt i 2014 blei det funne for store blymengder i kverna kjøt frå daglegvarebutikkar, slakteri og spesialbutikkar i Sør-Noreg.

Kjøt frå husdyr har ein grenseverdi for bly på 0,1 milligram per kilo. To av tre testa prøver låg over denne grenseverdien – enkelte prøver hadde 350 gonger meir bly enn lovleg for husdyr.

Til toppen