LETTARE: Det skal bli lettare for skadelidne å søkja om erstatning etter naturskader. Her frå flaumen i Lærdal hausten 2014. Arkivfoto: Anne Karin Skjær
LETTARE: Det skal bli lettare for skadelidne å søkja om erstatning etter naturskader. Her frå flaumen i Lærdal hausten 2014. Arkivfoto: Anne Karin Skjær

Nye reglar om erstatning ved naturskadar

​Nye reglar og ein ny nettportal skal gjera det lettare for den skadelidne å søkja om erstatning ved naturskade.

  • Endret

Det fastsette  Landbruksdepartementet i ei ny forskrift torsdag. Forskrifta trer i kraft 1. januar 2017.

– Den nye ordninga vil gje raskare saksgang, enklare reglar og mindre administrasjonskostnadar, meiner landbruksminister Jon Georg Dale (Frp).

Den skadelidne skal dokumentera skadene sjølv

I staden for taksering med lensmannsskjøn skal den skadelidne i søknaden dokumentera at det har hendt ein naturskade og kor store kostnadar som er naudsynte for å retta opp att.

Landbruksdirektoratet får ansvar for å forvalta den nye ordninga, og ein ny nettportal skal gjera det enklare for den skadelidne å senda søknad.

Til toppen