FUNN: Til venstre er pelsdotten som vart funnen i skogen på Veesida, til høgre håra dei fann på Moakamben. Private foto
FUNN: Til venstre er pelsdotten som vart funnen i skogen på Veesida, til høgre håra dei fann på Moakamben. Private foto

Nye spor av Elvis

Pelsdottar og poteavtrykk som truleg stammar frå Elvis gir håp om å finna den sakna leonbergeren.

– Det ringde ei som hadde gått tur med hunden sin i dag tidleg klokka sju. Dei hadde funne pels i graset og avtrykk som tyder på at Elvis har lagd seg ned der for å kvila. Dette er lyse hår identiske med dei eg børster av han, så eg er hundre prosent sikker på at dei stammar frå Elvis, seier eigar Jane-Kristin Lindstrøm-Bolme.

Nesten ei veke har gått sidan den to år gamle leonbergeren forsvann frå hundepensjonatet i Fardalen. Søndag kveld vart hunden etter alt å døma sett i skogen på Veesida sør for sentrum i Øvre Årdal. Pelsdottane vart funne fredag morgon i same området.

– Dette er lys innerpels. Sjølv om han ser brun og svart ut er pelsdottane han legg att lysare. Så om folk finn slik pels er eg veldig takknemleg om dei tek kontakt, seier Lindstrøm-Bolme.

Artikkelen held fram under biletet

LYS INNERPELS: Sjølv om Elvis framstår som mørk i fargen er innerpelsen lys, så om ein kjem over slike dottar stammar dei svært sannsynleg frå den sakna leonbergeren. Private foto 
LYS INNERPELS: Sjølv om Elvis framstår som mørk i fargen er innerpelsen lys, så om ein kjem over slike dottar stammar dei svært sannsynleg frå den sakna leonbergeren. Private foto 

Forstår ikkje kvifor ingen ser Elvis

Det er også funne liknande hår på Moakamben. Her var det også spor og oppsparka mose, typiske teikn på ein hannhund som sparkar bak seg for å spreia lukta når han markerer.

– Det er ikkje vatn på Moakamben, så me trur ikkje han kan ha gått så langt vidare der. Ettersom denne pelsdotten vart funne i dag tidleg leitar me mest på Veesida. Men det er store områder og vanskeleg å vita kvar han kan vera. Folk som går på tur rundt Ytre Moa, i området ved Hydro, oppover mot Tronteigen - ja, overalt i området - må gjerne vera litt ekstra obs.

Lindstrøm-Bolme fortel vidare at pelsfunnet i dag tidleg vart gjort av ein hundeeigar som går på tur i området kvar dag og at denne pelsdotten ikkje hadde vore der tidlegare.

– Det var tørr og fin pels, så det kan ikkje ha vore lenge sidan Elvis var der. Men eg forstår ikkje kvifor ingen ser han. Kanskje er han vorten sky? Eg veit ikkje, seier eigaren fortvila.

Helikoptersøk kan bli aktuelt

Måndag leitte dei også med drone i Fardalen, utan hell.

– Det er så mykje greiner og skog, så å få auge på han med drone vil uansett ikkje vera lett. Om han ikkje kjem til rette snart vil me starta med kronerulling for å søkja med helikopter.

Lindstrøm-Bolme understrekar at ho er svært takknemleg for all hjelpa dei har fått i leiteaksjonen. Om nokon gjer interessant observasjonar kan ein ta kontakt med henne eller ringja politiet på telefon 02800.

 

Til toppen