FAGLEG PÅFYLL: Inspektør Robert Hovland frå Vik og lærar Runar Hatlevoll frå Hafslo måtte hoppe i fjorden under symjekonferansen i regi Høgskulen onsdag.
FAGLEG PÅFYLL: Inspektør Robert Hovland frå Vik og lærar Runar Hatlevoll frå Hafslo måtte hoppe i fjorden under symjekonferansen i regi Høgskulen onsdag.

Nye symjekrav i skulen tvinga lærarane ut i fjorden: – Det er her ulukkene skjer

Regjeringa har innført obligatorisk ferdigheitsprøve i symjing for alle fjerdeklassingar.

Sogndal: Onsdag fekk eit trettitals lærarar og studentar innøring i dei nye symjekrava i skulen og korleis dei best kan settast ut i live. Under den praktiske delen måtte dei sjølve hoppe uti.

– Veldig bra og lærerikt, er dommen frå lærar Runar Hatlevoll, etter å ha stige ut av den kalde fjorden i Sogndal.

Der hadde han fått ein smakebit på dei sju øvingane alle fjerdeklassingar no må gjennom i løpet av skuleåret. 

STARTAR MED LÆRARANE: Borgar Ness er lærar i Trøndelag, der dei har vore tidleg ute med å teste ut dei nye krava. Onsdag kursa han kollegaer i Sogn.
STARTAR MED LÆRARANE: Borgar Ness er lærar i Trøndelag, der dei har vore tidleg ute med å teste ut dei nye krava. Onsdag kursa han kollegaer i Sogn.

Dyster drukningsstatistikk

Regjeringa ønskjer at symjeopplæringa i grunnskulen skal bli betre. Det viser seg nemleg at barn og unge i Norge er dårlegare å symje enn i dei nordiske nabolanda.

Obligatoriske ferdigheitsprøver skal bidra til å kartleggje kven av elevane som er symjedyktige, medan eit nytt pedagogisk opplegg skal få fleire til å bli det.

Hatlevoll jobbar på Hafslo ungdomsskule og seier dei har jobba mykje med dei nye krava. Samstundes har merksemda vore mest retta mot opplæringa som skal skje i bassenget, så seansen i sogndalsfjorden gav inspirasjon han vil ta med vidare.

– Kanskje tek me med oss ungane ut i vatnet til eit livbergingskurs neste år. Så lenge me får litt midlar til det, sånn at me kan kjøpa inn livbøyer og kanskje nokre drakter, viss det ikkje er varmt nok. Så det går på ressursar, seier han.

NATURLEG ELEMENT: Egil Gjølme, NTNU-førstelektor, meiner større del av symjeopplæringa bør føregå ute.
NATURLEG ELEMENT: Egil Gjølme, NTNU-førstelektor, meiner større del av symjeopplæringa bør føregå ute.

Vil unngå testregime

Ei viktig årsak til satsinga til regjeringa er dei 120 menneska som druknar kvart år.

– Det er eit samfunnsproblem som skapar masse liding og tragediar. Omtrent det same talet dør i trafikken kvart år, men der er det mange tiltak for å få ned dødstala. Endeleg er vi i gang med å få på plass strukturar som skal motverke det same i svømmeopplæringa, seier lærar Borgar Ness, ein av kursleiarane.

Han sit i arbeidsgruppa som har fått ansvaret for å forme den nye svømmeopplæringa i Norge. Ness er positiv til endringane, men meiner samstundes vi må vere vakne så ikkje symjeprøvene bidrar til auka prestasjonspress i skulen.

– Eg er her i dag nettopp av den grunnen, for å vise korleis vi kan bruke dei til å lage mestringsorienterte og leikprega aktivitetar som ungane gler seg til, i staden for at det blir eit testregime, seier han.

Dei fleste ulukkene skjer ute

Dei aller fleste drukningsulukkene skjer ute og ikkje i basseng. Difor meiner den andre kursleiaren at skuleungane må få øve meir der faren er størst.

– Det å øve seg i eit naturleg fora, gjerne i kaldt vatn, gjerne med strøm og tang og tare, det er kjempeviktig for at elevane skal lære seg å skjønne vatn, korleis dei skal oppføre seg i vatn, på vatn og ved vatn, seier Egil Gjølme, førstelektor i kroppsøving og idrettsfag ved NTNU.

Han innser at eit dagskurs er knapt til å få til dei store endringane, men har tru på at motiverte lærarar er det som skal til.

– Dei må forankre det på eigen skule og berre gjere det på eigenhand. Då vil kompetansen etter kvart komme, seier Gjølme.

Til toppen