FLEIRE MODELLAR: Den første testrunden blei gjort med tre forskjellige bilmodellar, med lik motor. Her ein Citroën C4 Grand Picasso 1.6l BlueHDi 120. Innan sommaren skal PSA-gruppa sleppe tal for 30 Citroën, Peugeot og DS-modellar. Foto: PSA.
FLEIRE MODELLAR: Den første testrunden blei gjort med tre forskjellige bilmodellar, med lik motor. Her ein Citroën C4 Grand Picasso 1.6l BlueHDi 120. Innan sommaren skal PSA-gruppa sleppe tal for 30 Citroën, Peugeot og DS-modellar. Foto: PSA.

Nye testar viser langt større utslepp

PSA-gruppen – Peugeot og Citroën – har målt drivstofforbruk under vanleg bilbruk. Resultatet er dårlege nyheiter for bilprodusentane.

Den såkalla EU-syklusen, som ligg til grunn for utsleppstala frå bilparken i dag, vert gjort i eit laboratorium. Målinga har vore under kritikk for at ho ikkje viser kva det faktiske utsleppet under vanleg bruk er.

Ifølge PSA-gruppa, som lagar Citroën og Peugeot, er dei no den første produsenten som offentleggjer tal frå testar gjort i «den verkelege verda». Testane er gjort i samarbeid med to uavhengige organisasjonar i Frankrike, og er så verifiserte av Veritas.

Testane starta i november i fjor, då det storma som verst rundt dieselskandalen til Volkswagen. Dei har blitt gjort på offentlege vegar i Paris-området. Ruta er sett saman av 25,5 kilometer i by, 39,7 kilometer på vegar som i EU-syklusen vert kalla «extra-urban», der det er litt høgare hastigheiter, og 31,1 kilometer på motorveg. Målingane er gjort med utstyr montert utvendig på bilane, av same type som kan bli tatt i bruk av EU i 2017.

Artikkelen held fram under biletet.

BERBART UTSTYR: Bilane blei utstyrte med målarar som fangar opp kva dei brukar av drivstoff. Førebels har ein ikkje sleppt CO2-tala, men dei er opplagt langt høgare enn dei EU-målingane i dag viser.
BERBART UTSTYR: Bilane blei utstyrte med målarar som fangar opp kva dei brukar av drivstoff. Førebels har ein ikkje sleppt CO2-tala, men dei er opplagt langt høgare enn dei EU-målingane i dag viser.

Bilane er testa med klimaanlegget i bruk, i tillegg til passasjerar og bagasje.

Mørk sky

I 2021 innfører EU eit nytt utsleppskrav på maksimum 95 gram CO2 per kilometer. Kravet gjeld snittet av selde køyretøy frå produsentane, og det vankar store bøter om ein bryt med det. Den nye testen som vert rulla ut neste år, Worldwide Harmonized Light-Duty Test Procedure (WLTP), er eitt av fleire verkemiddel som skal gi meir røyndomsnære utsleppstal enn dagens testar klarer. Denne testen skal gjerast i laboratorium med ein meir realistisk testprosedyre. I tillegg er det snakk om å ta i bruk testar slik PSA-gruppa no har prøvd.

SPÅR PROBLEM: Lars Erik Maurud trur mange bilprodusentar vil slite med å klare dei framtidige utsleppskrava.
SPÅR PROBLEM: Lars Erik Maurud trur mange bilprodusentar vil slite med å klare dei framtidige utsleppskrava.

– EUs utsleppsmålingar for 2017 heng som ei mørk sky over den europeiske bilindustrien, og dersom den nye WLTP-testen vert innført i 2017, vil ikkje ein einaste bilprodusent klare å nå CO2-måla i 2021, seier Lars Erik Maurud, partnar i PA Consulting Group, som har undersøkt innsatsen til bilprodusentane for å nå EUs kommande utsleppskrav.

Ifølgje Maurud er det Peugeot/Citroën, Fiat, Renault-Nissan, Toyota og Volvo som har størst sjanse til å klare kravet, dei har så langt fått til ein ganske stor reduksjon. Medan BMW, Jaguar Land Rover, Hyundai-Kia og Volkswagen vil slite med å senke utsleppa tilstrekkeleg.

PA Consulting Group reknar med at WLTP-testen vil gjere at dei målte utsleppa vil auke med rundt 10 prosent. Og begynner ein også å inkludere testar som vert gjort utanfor laboratoria, på vegen, vil ein få endå høgare utsleppstal, viser testen til PSA-gruppa.

Representativ

PSA-gruppa køyrde tre forskjellige modellar gjennom testen, alle med den same 1,6 liters dieselmotoren under panseret, og resultatet viser eit ganske betydeleg avvik frå tala ein får frå dagens EU-syklus.

Peugeot 308 1.6l BlueHDi 120 Allure har eit oppgitt blanda forbruk på 0,32 liter i snitt i brosjyren, i PSAs «røyndomstest» er talet 0,5 liter per mil. Sjølv er dei ikkje overraska, dette stemmer overeins med tal dei har frå kundeundersøkingar.

– Testen som er utvikla av PSA, er representativ. Han viser drivstofforbruket til bilane med ein vanleg sjåfør under verkelege køyreforhold. Denne testen viser at slike verkelegheitstestar er til å stole på og kan brukast til å måle dei reelle CO2-utsleppa. Dette burde bli målestokken for alle bilprodusentar som brukar «drivstoffeffektivitet» i marknadsføringa, seier Greg Archer, direktør i Transport & Environment, som var med på å setje opp testrutinane til PSA. (©NPK)

Til toppen