Nye tilskot til kommunar som vil gå saman

Berre fire av 26 kommunar i Sogn og Fjordane er ikkje med i felles utgreiingar om samanslåing. To av dei er Lærdal og Årdal. 

Årdal/Lærdal: Det kjem fram av ein statusrapport frå fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Heile 22 av 26 kommunar er del av ein utgreiingsprosess i fylket. Berre Årdal, Lærdal, Bremanger og Luster går framtida i møte på eiga hand.

Samstundes freistar kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner med endå fleire tilskot til kommunar som slår seg saman.

Det er allereie mykje omtalt at regjeringa har lagt opp til eit inntektssystem som premierer kommunar som vil slå seg saman. No har Kommunal- og moderniseringsdepartementet offentleggjort endå ei gulrot, skriv avisa Nordhordland.

Kommunar som vedtek å slå seg saman innan 1. juli har høve til å søkje om tilskot til vegar, breiband og andre tiltak for digitalisering. Tilskotet skal kome til nytte for å knyte kommunar betre saman, heiter det i pressemeldinga. Det er 50 millionar kroner i potten til tilskotsordninga for infrastrukturprosjekt.

Årdal og Lærdal på si side må no bevise at det er rusta til å klare seg på eigehand. Det skal uansett ikkje stå på vilja. Begge kommunane har vore i forhandlingar om både eit storkommunealternativ i Sogn og eit mindre alternativ med Aurland på sørsida av fjorden.

Men sidan Sogndal i siste time tykte forhandlingane om intensjonsavtalen vart for konkrete, blei forhandlingane her brote. Aurland på si side meinte ein ÅLA-kommune ville blitt for liten. (©NPK)

Til toppen