Nye tiltak for Helse Vest i samband med mutert koronavirus
(Foto: Arkiv)

Nye tiltak for Helse Vest i samband med mutert koronavirus

Nye rutinar for sjukehusa i Helse Vest-regionen er sett for dei neste to vekene framover i tid.

Pressemeldinga som vart sendt frå Kommunikasjonssjef Terje Ulvedal i Helse Førde kan du lese her: 

Pasientar vil få spørsmål om dei har vore på Austlandet i løpet av dei siste ti dagane. For dei det gjeld vil ein setje inn ekstra tiltak for å hindre spreiing av smitte. Med Austlandet meiner ein sør for Trøndelag og aust for Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.

For pasientar som skal til planlagd behandling, vil sjukehusa vurdere å utsetje timen i ti dagar etter at pasienten har vore på Austlandet, om det er medisinsk forsvarleg.

Innlagde pasientar som har vore i aktuelt område i aktuelt tidsrom, skal vere isolerte og testast. Ved negativ test vil isolasjonen verte oppheva.

Pasientar som har vore på Austlandet og har spørsmål, kan kontakte sjukehuset på 57 83 98 20 frå måndag morgon.

Det er og innført nye rutinar for bruk av munnbind på sjukehus. I alle situasjonar der det ikkje er råd å halde ein meter avstand, skal både pasientar, pårørande og tilsette nytte munnbind.

Besøksreglane til sjukehusa i Helse Førde gjeld som før. Men dersom du som pårørande har vore på Austlandet dei siste ti dagane, eller framleis oppheld deg der, kan du desverre ikkje komme på besøk på sjukehusa våre. Det vert gjort unntak for besøk til barn og pasientar i siste fase av livet.

Elles gjeld sjølvsagt smittevernråda som alltid:

  • Hald god avstand, helst to meter
  • Vask hendene ofte og grundig
  • Har du symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime
  • Ha kontakt med så få som råd

 

Til toppen