JENTEKOLLEKTIV: Madeleine Løkke Tomtum, Una Pasovic, Ingvild Kristin Kirkvik og Gyrid Friis Edland bur i seksmannskollektiv på Grünerløkka i Oslo. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix /NPK.
JENTEKOLLEKTIV: Madeleine Løkke Tomtum, Una Pasovic, Ingvild Kristin Kirkvik og Gyrid Friis Edland bur i seksmannskollektiv på Grünerløkka i Oslo. Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix /NPK.

Nye venner under same tak

Studiestart kan bringe med seg mange nye inntrykk og mange nye menneske, også på heimebane.

  • Endret

Una Pasovic seier det er lett å bli litt skeptisk når ein søkjer seg til eit kollektiv og oppdagar at det er rom til seks.

– Kjem dette til å gå, tenkjer du då. Men viss du er sosial, så funkar det, meiner ho.

For tida bur den framtidige statsvitaren saman med fem andre jenter frå ulike delar av landet i eit kollektiv på Grünerløkka i Oslo. Felles for alle saman er at dette er deira første erfaring med å bu heimanfrå. Ingen av dei hadde noka særleg erfaring med huslege gjeremål som å vaske klede og lage mat sjølv. Men Gyrid Friis Edland og Ingvild Kristin Kirkvik, som no har budd i kollektiv i to år, merkar at dei nye raskt lærer seg småtinga som følgjer med å bu for seg sjølv.

Ikkje rett for alle

– Eg har heilt klart brukt tid på å tilpasse meg til å bu i kollektiv, og eg merkar forskjell på å bu her dette året og mitt første år, seier Gyrid.

Ho trur ikkje kollektiv nødvendigvis er den rette løysinga for alle. Det kan vere krevjande, spesielt viss ein har eit stort behov for å ha det stille. Jentene har blitt flinke til å ta omsyn til kvarandre, ein spør til dømes alltid dei andre før ein inviterer til vorspiel, og ein er ansvarleg for å rydde opp etter eigne gjestar.

– Ein må vere litt storsinna. Viss ein veit ein har ein tendens til å henge seg opp i enkelte småting, er det viktig å hugse på at dei ein bur med, ikkje nødvendigvis gjer ting på same måte, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

KJØKENVANAR: Ulike vanar kan by på utfordringar når ein delar kjøken.
KJØKENVANAR: Ulike vanar kan by på utfordringar når ein delar kjøken.

– Vi bur seks stykke her, men det er sjeldan vi ser kvarandre, alle har så forskjellig timeplan, forklarer Una, og legg til at det kanskje er ei av årsakene til at dei seks jentene klarer seg så fint med berre eitt bad. Ingen skal ut døra på same tidspunkt om morgonen. Men nokon bruker lengre tid på badet enn andre, og jentene har lagt seg til vanen å spørje om nokon må på do før dei går i dusjen.

Uskrivne reglar

Av og til dukkar det opp utfordringar dei ikkje hadde sett for seg. Akkurat no har dei eit frysarproblem, frysaren har rett og slett blitt full, og nokon har meir mat enn andre.

– No har vi ein regel i kjøleskapet om at du alltid skal skrive namnet ditt på emballasjen viss maten ikkje ligg i di eiga hylle. Viss matvara står i døra, må det stå namnet ditt på, viss ikkje er det alle sitt, seier Una.

Dei fleste reglane i kollektivet er uskrivne. Sånne ting jentene meiner ein «berre veit,» men dei aller viktigaste, som vaskelistene, er skrivne ned.

Det er Una som har ansvar for vaskelista, ho innrømmer at ho har litt støv på hjernen.

– Det fungerer jo greitt, men det er ikkje behageleg å måtte seie til nokon at dei ikkje vaska førre veke, seier ho.

– Når ein er mange, og det er ein som ikkje tek oppvasken sin, er det lett for dei andre å droppe det også. Plutseleg er det eit hav av oppvask, skyt Gyrid inn.

Skriftleg og med humor

Jentekollektivet har oppretta ei eiga Facebook-gruppe, noko alle synest gjer dei viktige tinga oversiktlege. Der tek dei alt det praktiske, som deling av straumrekninga, innbetaling av husleige og påminningar om at oppvasken har blitt ståande lenge.

Artikkelen held fram under biletet.

MERKING: Med seks stykk som forsyner seg er det viktig å sette namn på matvarene ein vil ha for seg sjølv.
MERKING: Med seks stykk som forsyner seg er det viktig å sette namn på matvarene ein vil ha for seg sjølv.

– Eg er litt sånn at eg heng ut folk der på ein litt morosam måte. Prøvar å ta opp ting på ein positiv måte, for viss ein berre går rundt og gneldrar blir det dårleg stemning, seier Gyrid.

Dei har også skrive ein kontrakt seg imellom som regulerer oppseiingsfrist på romma, vaskelister og erstatning av ting som blir øydelagde i fellesareala.

– Det var litt skummelt å lage ein så formell kontrakt, så den er pynta med litt diverse wordart, men den gjeld altså, strekar Gyrid under.

Spesielt oppseiingsfristen på tre månader erfarte Gyrid og Ingvild at dei hadde behov for å innføre etter førre utskiftingsrunde. Då blei dei plutseleg sitjande med stresset med å fylle dei tomme romma. No må den som flyttar, finne nokon som kan ta over, ein dei trur vil gå godt saman med dei som allereie bur der.

Openheit

– Eg ser litt etter nokon som er interessert i å bli kjent med oss. Det er litt kjedeleg viss ein blir eit kollektiv der ein ikkje kjenner kvarandre, seier Ingvild om korleis ho går fram når ho leitar etter folk å bu saman med.

Alle er einige om at openheit er viktig når ein flyttar saman med andre. Dersom ein flyttar inn i eit etablert kollektiv, gjeld det å vere nysgjerrig og stille spørsmål om korleis ting blir organiserte. – Ein kan aldri stille for mange spørsmål, meiner Gyrid.

Ho trur også det er viktig å gjere ein innsats for at alle skal føle eit visst eigarskap til leilegheita. Leilegheita skal vere ein stad ein kan ha tinga sine og få besøk av venner, kort sagt eit stad der ein kjenner seg heime.

– Det blir jo lett sånn at Ingvild og eg har flest ting her, sidan vi har budd her lengst. Men det betyr ikkje at det alltid skal vere vi som har rett, og det skal jo vere alle si leilegheit, seier Gyrid.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMHALD: Gyrid trur fellesareala der ein kan omgåast eller invitere vennar på besøk har mykje å seie for trivselen.
SAMHALD: Gyrid trur fellesareala der ein kan omgåast eller invitere vennar på besøk har mykje å seie for trivselen.

Få det på papiret

Kasper Nilsen Ervik, advokatfullmektig i Leieboerforeningen, meiner den beste løysinga er at kvar enkelt bebuar i kollektivet har ein eigen kontrakt med utleigar, slik at ein unngår at nokon andre mislegheld kontrakten. Dersom alle står oppført på same kontrakt, eller berre éin av leigetakarane har namnet sitt på kontrakten, er det spesielt viktig at bebuarane skriv ein tydeleg kontrakt seg imellom om kven som har ansvar for kva.

– Til dømes at kvar enkelt er ansvarleg for ein seksdel av husleiga, seier Nilsen Ervik.

Han strekar under at ein munnleg avtale er like bindande som ein skriftleg, men at det kan bli vanskelegare å bevise og vere sikre på at alle er einige om det same.

– Eg trur mange synest det er litt flaut å be om å få ting skriftleg og tenkjer at det ordnar seg, som det ofte også gjer. Men ein kontrakt seg imellom må ein berre ha, seier han.

Ved utskiftingar i kollektivet er det viktig å vere påpasseleg med å få det formelle i orden, og også ta ein gjennomgang av leilegheita og ta bilete, så ein slepp å betale for skader på det som var der før ein flytta inn. (©NPK)

Til toppen