Årdal: Kurset var fullt allereie for fleire veker sidan. Dei siste dagane har ti ungdommar i 10–13 årsalderen stifta nye bekjentskap, men først og fremst lært seg å padla kajakk.
– Allereie første dagen starta me med padling. Det er hovudfokuset, men òg det å driva med andre aktivitetar på fjorden. Her har dei lært det vaksne får læra når dei tar kurs med oss.

– Eg er heilt imponert over kva dei får til. Dette har dei tatt på strak arm, seier Torunn Todal Laberg, som starta bedrifta Bulder & Brak saman med mannen Lars Kristian Fauske i fjor.
Godt utgangspunkt i Årdal
Sidan då har dei arrangert fleire padlekurs, men så kom ideen frå Laberg om at det kunne vore artig å arrangere ein padleskule for unge. Ho meiner Årdal er eit strålande utgangspunkt for padling. Denne veka har dei slått leir på anlegget «Ne' fø' sjøen» i Indre Ofredal.
– Eg tykkjer det er artig å jobba med barn og ungdom. Ungar diggar vatn, og dessutan hadde me lyst til å ta i bruk dette anlegget i sommar, seier ho og fortel om ei herleg mottaking.
– Her kjem me med mykje utstyr, men har tatt oss imot med opne armar, heile dalen. Me har vore på fisketur i fjellet, og då gav Erling Offerdal oss lov til å fiska så mykje me ville, så me er svært takknemlege.
Padlemiljø

Det kan verke som at kajakkskulen var ein god idé. Fauske seier dette er eit ledd i å skape eit padlemiljø i Årdal, og at ein då må byrje med dei yngste.
– Det er iallfall fleire som padlar no enn for to år sidan. Sånne ting tar tid, legg han til.
Aleksander og Styrk, to av deltakarane, har allereie kajakkutstyr på ønskelista til jul.
Gode vener
– Eg melde meg på fordi eg hadde lyst å padla kajakk, fordi det verka spennande og fordi eg rett og slett måtte ha noko å gjere på siste veka av ferien, smiler han og fortel at han har lært mykje og fått nye vener, som Styrk.

– Me har gjort mykje artige ting. Eg fekk det i overrasking at eg skulle få delta, og då vart eg veldig glad, seier Styrk.
Vel så viktig som padling og å ha det artig, er også det å ta i bruk naturen. Sporlaus ferdsle, og det å ta vare på naturen er noko ungane lærer på kurset.