KLAR: Han hadde sin første arbeidsdag i rektorjobben 1. august, men først neste måndag møter Ole Jørgen Øygarden sine nye elevar.
KLAR: Han hadde sin første arbeidsdag i rektorjobben 1. august, men først neste måndag møter Ole Jørgen Øygarden sine nye elevar. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Nyerektoren er klar for elevinnrykk

– Det er nesten ein draum å komma til, seier rektor Ole Jørgen Øygarden om skulen han har fått ansvaret for.

Sogndal: Neste måndag tek Ole Jørgen Øygarden frå Årdal imot 161 tilsette og 820 elevar til første skuledag på vidaregåande i Sogndal.

– Det gler eg meg veldig til. Det er ein flott skule og eg har blitt teken godt imot både av dei tilsette og av leiargruppa. Det ser veldig lovande ut, tykkjer eg, seier den ferske rektoren.

Tek over praktbygg

Fersk, sjølvsagt, i Sogndal. Øygarden har til saman tjue års undervisingserfaring frå USA, Årdal og Vik. Dei siste sju åra har han vore rektor ved Flatbygdi skule i Vik.

Rektorjobben i Sogndal fekk han etter at forgjengar Marta Sofie Vange gjekk av med pensjon. I hennar regjeringstid har skulen blitt bygd ut for 450 millionar kroner og han er no samla under eitt tak på Fosshaugane Campus.

– Du føler det veldig priviligert. Forholda ligg fysisk godt til rette for å kunne drive veldig bra på alle dei studieretningane me har, så det er nesten ein draum å komma til, seier Øygarden.

Enno nok å henge fingrane i

Han legg til at skulen er veldriven alle måtar, ikkje berre når det gjeld bygg. Slik sett blir hans fremste oppgåve å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie har blitt gjort.

– At skulen går godt er ikkje noko kvilepute. Eg vil vere ein sterk, synleg og god rektor, spesielt for dei som kanskje treng litt ekstra merksemd, seier Øygarden.

Sjølv om dei vidaregåande skulane i Sogndal no er samla, betyr det ikkje slutten på byggjeprosjekta. Transport og logistikklinja på Kaupanger treng sårt nye lokale. Den store spaninga er om prosjektet let seg realisere saman med det planlagde vitensenteret. 

– Forholda dei har på Kaupanger er for dårlege, så det må me uansett gjera noko med, seier Øygarden.

Til toppen