HUMLESKULE: Born og vaksne fekk byggje eiga humlekasse på kurset. Foto: Kaja Nygård 
HUMLESKULE: Born og vaksne fekk byggje eiga humlekasse på kurset. Foto: Kaja Nygård 

Nyfikne humlekassebyggarar i aksjon 

- Det er viktig å få positive assosiasjonar til naturen allereie i barndommen, seier ansvarleg for humleskulen, Åsmund Nordgulen

Årdal: Søndag hadde Åsmund Nordgulen humleskule i Utladalen Naturhus. Der fekk borna lære om humler og dei fekk bygge sine eigne humlekasser.

- Dette er første kurset eg held om humler. Viss det er av interesse, så kjem eg til å halde fleire. Eit par har allereie meldt at dei er interesserte, fortel Åsmund Nordgulen.

Målet med kurset er å få borna ut i naturen og til å verdsette den.

- Det er viktig å få positive assosiasjonar til naturen allereie i barndommen.

Fekk bygge eiga humlekasse

Tre born med vaksne følgde godt med, då Nordgulen fortalte om humlene. Deretter fekk dei byggje sine eigne humlekasser, som dei fekk ta med heim igjen. I byggeprosjektet vart både små og store ivrige for å få humlekassa i stand.

- Det var eigentleg nokre fleire påmeldte i dag, men det er langhelg og dei måtte melde avbod på grunn av andre planar. Men det ser ut som dei borna og vaksne som har møtt opp her i dag kosar seg, og då er eg nøgd.

Nordgulen fortel at ved å setje opp humlekasse, så blir borna alltid minna på humlene og dei kan gå å sjekke om det har komme humler.

Borna synast det var interessant å høyre på han fortelje, og stilte spørsmål til han undervegs.

- Humla er ein art som er lett å få positive assosiasjonar til. Den er ikkje skummel, slik som kvepsen. Det er berre 35 humleartar i Noreg, og dette gjer at det er lettare for borna å halde følgje. Nokre insekt har jo fleire hundre artar, så derfor er det lettare å høyre om humla.

Artikkelen held fram under bilete

INFORMASJON: Borna høyrte på Nordgulen fortelje om humler, og stilte spørsmål undervegs.
INFORMASJON: Borna høyrte på Nordgulen fortelje om humler, og stilte spørsmål undervegs.

Over gjennomsnittet interessert

Nordgulen har lenge vore interessert i insekt, spesielt humler.

-Gjennom lahumlasuse.no har eg fått kursing og kunnskap om humla. I tillegg har eg lest meg opp og drive feltarbeid.

Han synast at humler er den lettaste arten å formidle om til borna, fordi det er så få typar i forhold til andre insekt.

- I naturen er det ikkje vinnarar og taparar, og dette er noko som eg synast er bra. I naturen er det berre viktig å vere nysgjerrige.

- Hadde vore gøy å fått til eit skuleprosjekt om humler. Me får sjå kva som skjer framover, avsluttar han.

Til toppen