QUIZ: Spørsmåla er plukka frå Porten.no dei to siste vekene.
QUIZ: Spørsmåla er plukka frå Porten.no dei to siste vekene. (Kollasje: Arkiv)

Nyheitsquiz: Har du fått med deg det viktigaste frå Ytre Sogn?

No kan du bryne deg på sju spørsmål frå nyheitsbildet dei siste to vekene.

Ytre Sogn: Alle sju spørsmål er plukka frå saker på Porten.no den siste tida. Med andre ord har du eit godt utgangspunkt dersom du har følgt med i nyheitsbildet.

For å ta del, sender du ein mail med svara til tips@porten.no. Merk mailen med «Ytre Sogn nyheitsquiz» i emnefeltet, så er du sikker på å vere med i konkurransen. Vinnaren vert annonsert om to veker, og personen vil få ein Porten-kopp i posten.

Gulatinget, nynorskpris og det verste med å bu på Søreide 

  1. Kva heiter journalisten frå Gulen som vann Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2020?
  2. Kva bedrift sikra seg nyleg ein avtale om å vere med i den vidare bygginga av eit stort stort postsmoltanlegg i Ryfylket?
  3. Kva år kom den fyrste landslova i Noreg som ein kan lære om på Gulatinget?
  4. Kva meiner Marte Søreide er det verste med å bu Søreide? 
  5. Kva er målet til Thristan Engebø Ullebø på sykkel?  
  6. Kva heiter «gulingen» som i mars tok over stillinga som redaktør for nyheitsdivisjonen i NRK?
  7. Når kjem det ny barnehage på Byrknesøy?
Til toppen