QUIZ: Spørsmåla er plukka frå Porten.no sine nyheiter dei siste to vekene.
QUIZ: Spørsmåla er plukka frå Porten.no sine nyheiter dei siste to vekene. (Foto: Arkiv)

Nyheitsquiz: Kor god er din lokalkunnskap?

No kan du bryne deg på ti spørsmål frå nyheitsbiletet i Sogn.

Sogn: Spørsmåla er plukka frå Porten.no sine nyheiter dei siste to vekene. Om du har følgt godt med i nyheitsbiletet, har du med andre ord eit godt utgangspunkt. Vinnaren vert annonsert onsdag 1. april.

Vinnaren får tilsendt ein Porten.no-kopp i posten. For å ta del, sender du ein mail med svara til tips@porten.no. Merk mailen med «Nyheitsquiz» i emnefeltet, så er du sikker på å vera med i konkurransen. 

Koronastengde skular, æresmedlemmar og gensar mot vindkraft

1. Kva heiter dei nye vertane på Tungestølen turisthytte? 

2. Nevn tre stykk som prøvde seg som skodespelarar i Tyyl! sin nye musikkvideo «Kjærleik».

3. Kva heiter dei to nye æresmedlemmane til IL Jotun?

4. Sidan 2009 har Wenche Midthun kjempa mot vindkraft på Dalsbotnfjellet. No har ho designa genser - kva heiter den?

5. Når vart alle vidaregåande skular i Vestland stengd som følgje av koronaviruset?

6. Kven er den nye styreleiaren i Vestlandsforsking?

7. I kva kommune blei det etablert ein eigen provisorisk «luftvegsklinikk» ved NAV-bygget?

8. Tobias Molland frå Luster er youtubar - kor mange abonnentar har han?

9. Oddstein Haugen skulle bli pensjonist til hausten, men fortset som banksjef i Luster sparebank i to år til på grunn av koronasituasjonen. Kor lenge har han vore banksjef?

10. Lerum cup blir utsett, men arrangørane ser på andre datoar. Når håpar arbeidsgruppa til Lerum cup at skyttarstemnet kan avviklast?

Til toppen