Nyhende

Sogndal: Politiet veit ikkje kor lenge skikøyraren har vore fanga i raset, men antek at skikøyraren reiste frå Sogndal rundt halv tolv eller tolv, kanskje seinare.

Siste haldepunkt er halv to, då skikøyraren truleg har blitt observert på veg oppover i fjellet. Han vart meldt sakna klokka 19.22, klokka 21.40 fekk politiet melding om at skiløparen var funnen. Omlag 22.25 vart han frakta vekk med eit Sea King-helikopter.

Omtrent tjue frå skredgruppa til Røde Kors, to frå politiet, blant dei innsatsleiar Sondre Lillebostad, eit ukjent tal frivillige og eit Sea King-helikopter tok del i aksjonen. Norske Redningshundar vart òg varsla og var på veg då skikøyraren vart funnen.

Skredet var hundre meter breitt på toppen.

Politiet kan ikkje seie kor mykje og kva som stakk opp frå snøen, men det var nok til at skikøyraren vart sett på avstand av redningsmannskapa.
 

 

Til toppen