Nyhende

Balestrand: Torsdag hadde Balestrand Leikanger og Sogndal felles kommunestyremøte. På saklista var ei rekkje punkt, der valet av Sogndal som kommunenamn skapte den største debatten.

Problemet var berre at det stoppa der. Med debatten.

– Noko av det mest meiningslause eg har vore med på, seier Bjørn Sølsnes, representant for Senterpartiet i Leikanger.

For som fylkesmann Anne Karin Hamre hadde orientert om på førehand var det eit drøftingsmøte, utan høve for å gjere vedtak.

– Kvifor er me samla her i dag? Sit me her berre på stas?, var spørsmålet Sølnes lot henge i lufta då namnedebatten var i ferd med å renne ut i sanden.

Ordstyrar Harald Offerdal, ordførar i Balestrand, opplyste om at møtet var lovpålagt av Stortinget.

Kommunestyra i Sogndal og Leikanger hadde allereie gjort sine vedtak i sakene som var oppe til diskusjonen, dermed hadde diskusjonen heller ingen påvirkning på seinare.

Til toppen